Velkomen til WWW.diktarbiologi.net

Welcome to WWW.DIKTARBIOLOGI.NET

 

 

Innhaldet i bøkene til fem norske diktarar er kartlagt tematisk, hovudsakeleg med omsyn til førekomsten av plantar, dyr og tilknytte sider ved biologi og natur. Her kan du søkje deg vidare til diktarane, men les innleiinga første gong.

 

Innleiing/Introduction

Olav Aukrust

Knut Hamsun

Tor Jonsson

Inge Krokann

Olav Nygard

Henrik Wergeland (oversikt etter Fægris Florula Wergelandiana 1988)

 

Innleiing

Introduction (English summary)

 

Om registreringane

Om presentasjonen

Om boklistene

Om samlelistene

Oppbygging av listene

Kommentarar om språk

Andre typar kommentarar

Om uklare namn

Om publikasjonar om norsk diktarbiologi

Om kompilatoren

Takk

 

Her vil du hovudsakeleg finne eit oversyn over kva utvalde diktarar har skrive om biologisk levande liv og natur i bøker og brev. Dessutan er to-tre andre tema delvis tekne med (gjeld tider på året, ovtru og musikk). Stoffet er strukturert ved først å dele inn i naturlege fagfelt eller tema, og så registrere alle ord innan kvart felt frå bøkene. Resultatet av undersøkinga har vorte omfattande. Målet har vore å få med alle basisord med alle samansetjingar innan kvart tema for kvar diktar. Dei valde forfattarane er av dei beste vi har, med Hamsun som den verdskjende einaren. Store nye biografiar (faktisk om alle fem) og annan litteratur om diktarane og diktinga fekk levandegjera den årelange lesinga. I periodar var det ei glede å leva døgnet rundt med bøker og forfattarar. Kombinasjonen av verdifull dikting og registrering av temaord aktiverte store litterære, biologiske og språklege interesser på ein lærerik måte. Det har vore eit meiningsfylt prosjekt.

 

Her kan detDet kan koma eit mutt spørsmål: Kva skal ein med alt dette? Forresten – eg trur ikkje spørsmålet kjem frå dei som dyrkar forfattaren Hamsun. Absolutt alle tema rundt den diktaren synest vera av interesse. I talrike nummer av Hamsun-Selskapets skriftserie er dei utrulegaste detaljar om dikting og liv trekte fram og diskuterte, og det ser ikkje ut til å ha nokon ende.

 

Men spørsmålet treng ikkje henge i lufta, for andre har gjeve dei beste svar: Knut Fægri har skrive om vokstrar og blomar hos Wergeland (meir seinare): ”Uten å forstå Wergelands holdning til blomstene, forstår man ikke Wergeland.” Klar tale frå ein stor botanikar og allsidig personlegdom. Aage Kabell har kommentert det kompliserte ved fullt ut å skjøne ein gåverik, mangslungen diktar: ”Tilsvarende kan ingen fejltagelse være større, end at Henrik Wergelands produktion skulde lade sig overskue stykkevis, og at man for eksempel vilde kunne opfatte Wergeland som politiker uden at kjende Wergeland som botaniker.” (Wergeland I. Barndom og ungdom, s. 5. 1956.) Etter å ha lese det som er publisert av Olav Aukrust, har ein liknande tanke festa seg. Han har vore samanlikna med Wergeland i lynne og fantasirikdom, og den direkte og symbolske måten han brukar planteriket og naturen på, er strålande. Resonnementet må òg kunne førast over på dyreriket. Her er Inge Krokann meisteren, særleg når han skildrar og brukar hesten som symbol i bøkene. Og vidare – til eit heilt anna tema: Olav Nygard har ein naturleg og sjølvsagd bruk av namn på vesen frå ei anna verd; dei måtte vera til for han. Også Olav Aukrust har teke mykje folketru inn i diktinga. Vår tid dyrkar det eventyrlege i litteraturen, men er samtidig framand for at dette skal kunne vera noko meir. Så utan å ta inn over oss at denne tenkte verda (i mangt) var ein røyndom i tankane deira, forstår ein knapt alt dei har skrive.

 

På denne nettstaden er byggesteinane for sentrale tema i diktinga til fem av Noregs største diktarar samla inn og stabla opp, og namna i Knut Fægris Florula Wergelandiana systematisert. Byggverket tåler mykje besøk og tramping i trappene – for ikkje å snakke om køyring i alle heisene. Velkomen inn. [til toppen]

 

Om registreringane. Bøkene måtte finlesast ei for ei, og aktuelle temaord, med sidetal, blei noterte etter kvart. Ei reinskrift av desse notata vart så nytta under andre gongs lesing. Etter å ha korrigert og supplert dei første registreringane, var det meste kome med. Men dei fleste bøkene er lesne oftare enn dette, og justeringar og mykje sjekking og kontroll har følgd arbeidet heilt til det siste. Registreringane dekkjer den samla tilgjengelege bokproduksjonen til kvar diktar. Kva titlar og utgåver som er bruka, er oppgjeve på sin plass. Det er grunnforma av namn/ord som blir vist, uavhengig av kva bøyingsform dei står í i teksten: for substantiv ubunden form eintal, for verb infinitiv, og for adjektiv positiv; ein sjeldan gong er andre former med. Ofte er ikkje det som eit namn representerer, meint eller til stades i teksten. Alle overførte tydingar med namnet er registrerte på same måte som når konkrete objekt er til stades. Særnamn er alltid viste slik dei står (t.d. fisk: Finmarksfiskerne og Lofotfisket, hos Hamsun). Dei fleste døma nedafor er etter Hamsun, fordi han er den første som blir lagt ut; men dei same prinsippa gjeld for alt.

 

Om presentasjonen. Dei innsamla orda blir framviste i to typar lister – her kalla boklister og samlelister. Det som følgjer er godt forklart s. 6-12 i bokheftet ”Plantar og dyr i Inge Krokanns Dovresno-bøker. Med eit tillegg om dei andre bøkene.” (det kan kjøpast, sjå Inge Krokann).

 

Om boklistene. Kvar bok får sine boklister; dette er ei samling av ord for kvart tema, med sidetal. Slik blir det ei bokliste for plantenamn, ei for dyrenamn, ei for habitatord, osb. Dersom det er 6 tema og ein diktar har 10 bøker, finst det 60 boklister for den forfattaren. Hos Hamsun er det registrert 8 tema i 52 bøker, som gjev 409 boklister (fordi eitt tema ikkje er registrert i breva). Med grunnlag i boklistene skal ein kunne slå opp og finne tekstgrunnlaget for alle registrerte ord (meir seinare). – Oppsummering og eit døme: Ei liste med ord for eitt fagfelt og ei bok, og med sidetal for alle registreringane, kallast ei bokliste. Kopi av det som er registrert for ordet hund, med samansetjingar, i boklista for dyrenamn frå Hamsuns Det vilde kor (Samlede verker bd. 2, 1954): ”hund 180, 182, 188, 189, 208; helvedeshund 189. Ordet hund finst på dei fem sidene, og det samansette helvedeshund på den eine. [til toppen]

 

Om samlelistene. Ei samleliste samlar, tematisk, all informasjon frå alle boklistene – unntatt sidetala. For kvart tema finst det altså ei samleliste med opplysningar frå alle bøkene til ein forfattar. Dersom det er 8 tema, blir det 8 samlelister uavhengig av om forfattaren har 10 eller 20 bøker. Bak kvart ord i samlelistene står boknamnet/-namna, og eit tal som viser kor mange boksider ordet finst på i kvar bok. Det må derfor vera samsvar mellom talet på sider i boklista og dette talet i samlelista. – Oppsummering og eit døme: Ei liste med ord for eitt fagfelt – frå alle bøkene til ein forfattar, og med opplysningar om boknamn og med tal på sider for kvar bok, kallast ei samleliste. Kopi av eit lite utdrag av registreringane for ordet hund i samlelista for dyrenamn i Hamsuns bøker: ”hund ... Kratskog 3, Det vilde kor 5, Stridende liv 10, Under høststjærnen 2, Rosa 2, En vandrer spiller med sordin 2, Den siste glæde 4, .... Ordet hund finst på 3 sider i Kratskog, på 5 (som vist ovafor) i Det vilde kor, på 10 i Stridende liv, på 2 i Under høststjærnen, osb. Samlelistene er sluttresultatet for registreringsarbeidet. Der kan ein få oversikt over alle namn/ord forfattaren nyttar innan dette fagfeltet, og kan, om ein vil, gå til den rette boklista og finne boksida/-sidene i boka/bøkene.

 

Eit døme: Eg blar i samlelista for plantenamn hos Hamsun, og finn at ein plante han kallar røllik er registrert frå berre eí av dei vel ni tusen undersøkte boksidene (med breva). Det er i Pan. Ifølgje boklista for plantar i Pan står namnet på s. 345 (i Samlede verker bd. 2, 1954), og ved å sjå 2/3 nedover sida i boka er eg straks i tryllelandet: ”Det var fuld vår, jeg fandt skogstjærner og røllik på marken og både bokfinken og ryten var kommet.” Åja. Ved å slå opp i samlelista og etterpå boklista for dyrenamn kan eg finne, at dette også er einaste staden ryten (= bjørkefink) og bokfinken er nemnde i Hamsuns heile produksjon. Det er altså ei eineståande setning. Skogstjærne er i tillegg med på eí side i Markens grøde og to i Landstrykere. Ein slik kunnskap gjev nokre refleksjonar. Mange av romanane viser landskap med situasjonar der desse to blomstrane og trekkfuglane er av dei vanlegaste. Kvifor i all verda er dei da så utruleg sjeldne i bøkene? Hamsun kjende artane og namna, og må ha gått kvar vår og venta på og gledd seg over dei når dei kom (men sjå seinare om røllik). [til toppen]

 

Kor sikre er opplysningane i listene? Her blir kompilatoren lettare skjelven; han veit det statistisk sett må vera nokre feil i eit så stort materiale av eit slikt slag. Men etter mange positive kontrollar og oppslag undervegs og i sluttfasen, vågar han spelet, sjølv om det er uvanleg lett å avsløre rolla: rett eller feil, det er spørsmålet. Dei som finn feil og manglar blir oppfordra til å melde frå, slik at dei kan bli retta (sjå e-postadressa).

 

Oppbygging av listene. Dei viktige inngangsorda i listene er kalla hovudnamn, og er alltid utheva. For plantar og dyr er dette mest artsnamn (t.d. Hamsuns: brændenesle, elg). Nemninga er også nytta på ord om plantedelar (t.d. Hamsuns: blomster, løv, rakle), habitat (t.d. Hamsuns: aker, dal, kilde) osb. Hovudnamna er alltid skrivne slik dei er hos forfattaren. Når ein diktar har to eller fleire former av same ordet, er éi form vald og dei andre skal vera kommenterte. Dessverre er det ikkje alltid kommentarar på den problematiske variasjonen i bdg/ptk-bruken hos Hamsun. Nokre namn med ulik tyding er likt skrivne og er nummererte, t.d. jasmin (I) og jasmin (II), lus (I) og lus (II).

 

Orda i listene er alfabetiserte etter den rang og struktur dei har fått i presentasjonen. I boklistene er dette fullt ut gjennomført også for hovudnamn. For samlelistene gjeld det same – med to unntak: Nokre samlelister for plante- og dyrenamn er delte inn i mange kategoriar (slike som: heimlege og eksotiske hovudnamn – kvar med sine tre og urter osb., patterdyr og fuglar osb.), og da er hovudnamna alfabetiserte innan kvar kategori. Denne grupperinga av namn vil vonleg gjera listene meir interessante enn om hovudnamna kom i god alfabetisk orden – med logisk uorden som følgje. Tydelege oversikter og lett søking skulle gjera det enkelt å finne fram til alle namn.

 

Mange gonger kan ein einskild art ikkje tolkast inn eit namn, og da er det bruka som kollektivt hovudnamn (t.d. Hamsuns: enggræs, fugl). Nokre ord fell lett inn under eit hovudnamn; dei kunne vore handsama som eigne hovudnamn, men da ville det blitt uoversiktleg mange slike. Dei underordna namna er kalla undergruppenamn. I boklistene er undergruppenamn merka ’▪>’ (for ikkje å bli for dominerande i ein slutta tekst som skal lesast horisontalt), og i samlelistene ’●’ (der undergrupper står på ny line og skal synast godt og søkjast vertikalt); desse symbola står altså for det same. Ofte viser undergruppenamn til ulike kjønn, utviklingsstadium eller namn for same arten (t.d. Hamsuns: gris ▪>galte ▪>purke ▪>råne ▪>unge). Men elles kan det vera kva som helst interessant ord knytt opp mot eit hovudnamn (t.d. Hamsuns: gran ▪>juletræ). Hovudnamn og undergruppenamn er alfabetiserte kvar for seg (viktig!). For å spare plass og gje god oversikt er første leddet i samansette ord, der dette er eit hovud- eller undergruppenamn, erstatta av kort bindestrek. Døme frå boklistene (etter Hamsuns På gjengrodde stier): flue 247; -fisker 329; dette skal sjølvsagt lesast ’flue’ og ’fluefisker’. I samlelista vil ’-fisker’ stå på ny line under ’flue’. Dette er det enklaste dømet på ordfølgje. Den fullstendige oversikten over ordfølgjen er som nedafor (døme frå utplukk av samlelista for dyrenamn hos Hamsun). I samlelista er alle registreringsord utheva: [til toppen]

 

gris [her vil boknamn og tal på sider stå] (dette er hovudnamnet usamansett; deretter følgjer samansette ord med direkte samansetjing, t.d.)

-unge [boknamn og tal på sider] (les grisunge; deretter alle ord med bindebokstav, mest -e/- og -s/-, men også -a/-, -ar/- og sjeldan -je/-, og viss to eller fleire, i alfabetisk ordning, t.d. -e/- før -s/-; her t.d.)

-e/hus [boknamn og tal på sider] (les: grisehus; merk denne standardiserte måten å vise bindebokstavar på; deretter ord med hovudnamnet sist, t.d.)

smågris [boknamn og tal på sider] (deretter hovudnamnet som verb eller del av verb; t.d.)

å grise [boknamn og tal på sider] (deretter særnamn som hovudnamn eller med hovudnamnet í, t.d.)

Grisebåerne [boknamn og tal på sider] (berre særnamn har stor førstebokstav; så kjem moglege undergruppenamn i alfabetisk ordning, og, for kvart av dei, ord etter same system som for hovudnamnet, t.d.)

●purke [boknamn og tal på sider] (og som døme to ord med direkte samansetjing)

-ful [boknamn og tal på sider] (les: purkeful)

-mor [boknamn og tal på sider] (les: purkemor; og så enda eit undergruppenamn med fleire typar ord i same rekkefølgje)

●svin [boknamn og tal på sider]

-hund [boknamn og tal på sider] (les: svinhund; direkte samansetjing)

-e/hjord [boknamn og tal på sider] (les svinehjord; samansetjing med fuge-e)

kjølsvin [boknamn og tal på sider] (hovudnamnet står ikkje først)

Svinesund [boknamn og tal på sider] (særnamn med hovudnamnet í)

 

Det kan vera at snaue hovudnamnet ikkje har noka registrering; da står det ’:’ (kolon) etter namnet, det same kan hende for undergruppenamn.

 

Dømet over vil sjå slik ut i ei fiktiv bokliste for dyrenamn; her er det semikolon mellom orda og komma mellom sidetala:

 

gris [sidetal her, t.d. 12, 52, 230]; -unge [sidetal]; -e/hus [sidetal]; smågris [sidetal]; å grise [sidetal]; Grisebåerne [sidetal]; ▪>purke [sidetal]; -ful [sidetal]; -mor [sidetal]; ▪>svin [sidetal]; -hund [sidetal]; -e/hjord [sidetal]; kjølsvin [sidetal]; Svinesund [sidetal]

 

Kommentarar om språk. Det som er undersøkt er gamal litteratur med utdatert ortografi. Det er sett inn mange språklege kommentarar om ulike skrivemåtar. Berre naudsynlege endringar er tekne inn, ofte berre eín til få bokstavar; da ser ein lettare forskjellen enn i lange ord skrivne fullt ut og der berre ein bokstav skil (t.d. forglemmigei {-meg|-}, og ikkje: forglemmigei {forglemmegei}; sjå òg: stedmorsblomster {-e|m-} straks nedafor). Prinsipielt er bokstaven før og/eller etter det som er ulikt, teken med i den forklarande merknaden; slik kan ein kople saman ordet og kommentaren og få dagens namn/ortografi. Der det ikkje kan misforståast, er færre bokstavar med. Står kommentaren etter eit sidetal, gjeld det berre denne sida (Døme frå Bjørger: bjørk: Bjørktejgen 27, 34 [-eig-]); står han straks etter eit inngangsord og før to eller fleire sidetal, gjeld det desse sidene (Døme: Frå Brev til Marie: bjørk [-jer-] 199, 251, 256). [til toppen]

 

Teiknet ’|’ markerer eit skilje i samansette ord, eller av og til bøyingsformer; det er méd for å hjelpe lesinga, og er mykje bruka. Det er t.d. lettare å forstå ordet ’fisk: -erby’ når det er skrive ’fisk: -er|by’ (les: fiskerby; etter Hamsun).

 

I {slike} parentesar står ortografiske justeringar opp mot dagens skrivemåte og dagens offisielle/vanlege namn; måten er bruka mest for hovudnamna. Nokre døme: ræv {-e-} les: rev; agnskjæl {-jell} les: agnskjell; utøi {-øy} les: utøy; fetthalet får {-e|sau} les: fetthalesau; stedmorsblomster {-e|m-} les: stemorsblomster; æple {e-} les: eple (alle etter Hamsun).

 

I [klammer] står fleire slag opplysningar, inklusive kommentarar på skrivemåte av vanlege ord. Viktig er forfattarens skrivemåte der den valde hovudforma er ulik. Hamsun har t.d. rein dansk ortografi i gamle tekstar, og fornorska skrivemåte i sinare utgåver/bøker. Særleg gjeld det førekomsten av bløde og harde konsonantar (bdg/ptk-problemet). Nokre gamle tekstar er méd, og den alderdommelege skrivemåten står da bak den valde forma, i klammer. Døme: evighetsblomst [-eds|-] les: evighedsblomst; høi [hø] les: hø; bjørk {-jer-} les: bjerk; rips [-ibs] les: ribs; te: -aften [the|-] les: theaften; kålhode [-oved] les: kålhoved (etter Hamsun). Dersom eit ord er ein kortare versjon av det som er vanlegast, står det kva som er siste bokstaven i kortforma: absinth [-t] (her skrive: absint). Ulike variantar av slike opplysningar skulle ikkje by på store problem.

 

Nokre gonger varierer skrivemåten svært; døma er tekne hos Olav Aukrust; han har ofte fleire skrivemåtar av same ordet og ± orddeling. Dette er kommentert på kortaste måte. Først kopi frå presentasjonen i listene, og i forklaringa er namna skrivne fullt ut slik dei står i teksten:

 

Døme 1 (frå samlelista for plantenamn):

selje Salix caprea – Skaldespor (tekst) 1 [sil-]

-fløyte Himmelvarden 1 [sylju|-], Hamar i Hellom 1, Norske terningar 1 [-e|-f-], Skaldespor (dikt) 1 [sylju|-f-] (tekst) 2 [1: sylju|-, 1: sylju|-f-]

runne Skaldespor (tekst) 1 [selju|-]

Forklaring 1:

selje Salix caprea – Skaldespor (tekst) 1 [silje]

-fløyte Himmelvarden 1 [syljufløyte], Hamar i Hellom 1 [seljefløyte], Norske terningar 1 [selje-fløyte], Skaldespor (dikt) 1 [sylju-fløyte] (tekst) 2 [1: syljufløyte, 1: sylju-fløyte]

runne Skaldespor (tekst) 1 [selju-runne]

 

Legg merke til skilnaden mellom kort og lang bindestrek hos samansette ord i denne posisjonen: kort bindestrek tyder at samansette ord er udelte i teksten, lang bindestrek at dei er delte der (altså her: seljefløyte og selju-runne).

 

Døme 2 (frå boklista for dyrenamn - Himmelvarden):

orm: -e/auga 74, 149, 159 [-m|a-], 190 [-e/-a-]

Forklaring 2:

orm: ormeauga 74, 149, 159 [ormauga], 190 [orme-auga]

 

Døme 3 (frå samlelista for habitatnamn):

bygd:

-e/norsk Hamar i Hellom 2 [1: -a/-], Skaldespor (tekst) 10 [4: -e/-n-, 6: -a/-]

Forklaring 3:

bygdenorsk: Hamar i Hellom 2 [1: bygdenorsk, 1: bygdanorsk], Skaldespor (tekst) 10 [4: bygde-norsk, 6: bygdanorsk]

 

Elles kan mange forklaringar stå på same måten. Døme (etter Hamsun, sitat): ’vidje: -spenning Bjørger 1 [berre ”spenning”]’ (dette er altså ein kommentar om skrivemåten der); ’frugt: ufrugt Den siste glæde 1 [sopp]’ (kva det rare ordet er); ’potet: småpotet Markens grøde 2 [1: -å p-]’ (det oppførte ordet er skrive i to ord på ei av to sider: små potet); rosentræ [-|virke] (her er det ikkje meint eit levande tre, men trevirke); den røde lilje [Palestina] (omtrentleg lokalitet). Det skulle heller ikkje vera vanskeleg å skjønne ulike variantar av slike merknader. [til toppen]

 

Andre typar kommentarar. Doble hermeteikn er nytta på sitat når eit ord/uttrykk står i staden for det verkelege ordet (som manglar). Døme frå boklista til Hamsuns Benoni: rosentræ [-|virke] 45, 54, 62, 69, 72, 97 [”sybordet”]. Det handlar her om eit fint sybord av rosentrevirke, og ordet ”sybordet” på s. 97 viser at hovudordet er, indirekte, representert også på denne sida (i alt på 6 og ikkje 5 sider). På alle andre sitat er det nytta ’enkle’ hermeteikn. Døme frå samlelista for plantenamn hos Hamsun: vidje: gåsunger (’på et vidjekjær’) Landstrykere 1. Sitatet er teke med fordi denne blomsterstanden vanlegvis blir knytt til selje.

 

Om uklare namn. Hos alle diktarane er det uklare namn, og det blir til slutt viktig å undre seg over kva dei står for. Det i bøkene som veks og lever i Noreg, kan oftast kjennast eller i alle fall avgrensast til trulege artar. Dei fleste av Krokanns mange uvanlege og ukjende namn har fått ei rimeleg tolking, mykje fordi Dovresno-bøkene går for seg i Oppdal og på Dovrefjell. I fleire av Hamsuns bøker er det mange gode omtalar av plantar og (i mindre grad) dyr frå ungdomstida i Amerika, og frå reisa han skildrar i I æventyrland og Stridende liv: togreisa frå St. Petersburg til Vladikaukas, men særleg vognturen over Kaukasusfjella og opphaldet der, og heimturen over Istanbul. I Pan er han méd Glahn til Indien, og nyttar nokre eksotiske namn han må ha lese seg til; eg lurer på om ikkje det (i alle fall til no) uskjønlege salt|træ kan vera ei feiltolking av sal|træ, som er så viktig i området (hadde manuskriptet funnest, burde det vore granska). Saltre er Myanmars (Burmas) nasjonalplante. To namn hos Hamsun framstår i forma som vitskaplege (latinske) namn på plantar. Det eine, Secale cornutum, er identifisert, mens Artemis cotula er til å gruble vidare over. Kan nokon koma med betre forslag enn her?

 

Så følgjer nokre ugreie Hamsun-namn for kjennarar av desse områda (søk på namna, finn bok og sidetal, og slå opp i teksten, det går fort her). Ein vil finne dei under Plantenamn: B1-4 Eksotiske vokstrar og Dyrenamn: B1-5 Eksotiske dyr. Frå Amerika: murplante, skoglilje, et lidet sort dyr (”I skurånnen og terskningen ... som spiser klæder. Frakken med de mange runde huller ...”), mørkspættet slange. Frå Rusland: blåklokke, smørblomster, stokrose. Frå Kaukasus: blå nellik, gul stokrose, stor bregne, tidsel (”... ute i saltsteppen ... den er hård, bustet, den er som metaltråd med rag på.”). Frå Istanbul: viftepalme. Vanlege namn viser kanskje heller ikkje til dei artane vi har her i landet, t.d. hestesyre, løvtand, rødkløver og fleire (Rusland, Kaukasus). Og kan det vera noka fornuftig forklaring på kva en fisk som klatrer i trærne alluderer til? Det er mange fleire slike namn, så berre sjå etter.

 

Om nokon har gode forslag, eller sikker identifisering av desse og andre vanskelege namn, vil det bli motteke med stor takk og skrive inn i listene (med opplysning om informant). [til toppen]

 

Om publikasjonar om norsk diktarbiologi. Plantenamn i Henrik Wergelands bøker er vurderte og kommenterte av Knut Fægri i boka Dikteren og hans blomster. Florula Wergelandiana. Det han skriv om namn hos Wergeland har godt av å bli sitert: ”Den grunnleggende hypotese er da naturligvis at bruken har vært botanisk «riktig», det vil si at navnene brukes for de planter eller blomster som de vanligvis betegner. Elles ville en slik liste ikke ha noen mening.” Eit apropos til dette: I sitatet frå Pan (ovafor) blomstrar skogstjerne og ryllik etter at bokfink og bjørkefink har kome til landet om våren; skogstjerna gjér det, men rylliken blomstrar først frå midsommar og utover hausten. Det er berre å forsone seg med at dei fleste forfattarar korkje er ufeilbarlege botanikarar eller zoologar. – Vidare skriv Fægri om planteslag hos Wergeland: ”I alt har Wergeland ... nevnt 217 mer eller mindre veldefinerte botaniske enheter (taxa), ofte enkeltarter, men også større enheter som mose, gress eller palme. Tallet kan vanskelig fastlegges helt eksakt, for navnebruken er ikke alltid like klar.” Dei som les dette kan sjølv finne ut kor mange liknande einingar som er bruka av dei fem forfattarane her. Det er klart at særleg Hamsun kjem svært godt ut.

 

Med Fægris bok (og mi eiga om Inge Krokann) er det viktigaste nemnt om norsk diktarbiologi og grundige publikasjonar. Eg veit berre om tre liknande arbeid:

 

Klaus Høiland står bak ei svært vakkert illustrert bok: Finn et strå og træ dom på. Alf Prøysens blomster og planter i dikt og bilder. 152 s. Grøndahl Dreyer 1986 (fleire seinare opplag). Men gjennomgangen av artar/namn i Prøysens dikting er ufullstendig, og han har inga liste slik at ein kan få samla oversyn.

 

Inger Nordal har laga ei fin oversikt kalla ’Telemarksfloraen i dikt av Aslaug Vaa’; den finst i tidsskriftet for Telemark botaniske forening Listéra 10 (nr. 1), s. 5-18, 1995. Der er det med 56 namn som blir følgde av utdrag frå kjeldedikt og kommentarar. Dette er truleg eit utval av plantenamn i det som Aslaug Vaa har skrive.

 

Nyleg kom Åsmund Bjørnstad med eit fullstendig oversyn: ’Olav H. Hauge i planteriket: Av skrinne kår.’ s. 237-259 i Cappelen, B. & Spaans, R., red. Tid å hausta inn. 33 forfattarar om Olav H. Hauge. 304 s. Det norske samlaget 2008. Han skriv: ”Ei gjennomlesing av [Hauges] Dikt i samling (1994-utgåva) med planter i sikte gjev god vinst. Ikkje mindre enn 63 ulike planteartar er nemnde i minst 105 ulike dikt.”

 

Meir kjenner ikkje eg til om plantenamn og norske forfattarar. Og enda dårlegare dekt synest bruken av dyrenamn å vera. Mi eiga bok med dyr i Inge Krokanns dikting er kanskje det einaste som er laga. Om dette emnet skriv Fægri i boka om Wergelands blomster: ”Dyr spiller en vesentlig mindre rolle i Wergelands skrifter enn plantene. ... En bearbeidelse ville utvilsomt være av interesse, men jeg har stort sett avholdt meg fra en slik; det ligger utenfor min kompetanse.” Det same ser alle andre ut til å ha tenkt. Med denne nettsida blir det stor betring i mangelen på kjennskap til dyrenamn hos norske diktarar. Og det er mangt forvitneleg å finne også om dette emnet. Prisen tek, etter mitt skjønn, Inge Krokann med 22 nemningar for ’hest’ i bøkene sine – ein uslåeleg rekord. Eg tek her med 5 nemningar så nokre kan få lyst på boka om Krokann: jalk, skarre, sote, tobbe og vettring.

 

I det som blir lagt ut her er det førebels lite kommentarar omkring namna og namnebruken. Unntaket er atter boka om Inge Krokann; der er det fyldige kommentar og vurderingar av mange sider ved desse biologiske emna. Tida vil vise om det kan bli kommentarar omkring namn i listene.

 

Innhaldet på diktarbiologi.net ligg fritt tilgjengeleg, men det er ønskjeleg at dei som brukar det vidare på nokon måte, refererer til den som har produsert nettsida. Eg vonar mange kan finne noko av interesse, og vil vera glad for alle tilbakemeldingar og kommentarar. Lykke til med biologisk namnesvir i eventyrleg diktarnatur. [til toppen]

  

Arne A. Frisvoll

Finnmyrvegen 22

7350 Buvika

e-post: arne@diktarbiologi.net

 

 

Om kompilatoren. Fødd 1944, med eksamen frå Levanger lærarskule 1965. Etter dét få års praksis ved Vikebygd skule på Nå i Ullensvang kommune i Hardanger. Deretter vidareutdaning i botanikk/zoologi ved Noregs lærarhøgskule i Trondheim. Dermed var tida som lærar over; biologien hadde teke ein ny fange og gjeve livstidsdom. Det vart hovudfagseksamen i botanikk i 1975 med tittel ”Moseflora og -vegetasjon på steiner og bergvegger i et subalpint område ved Kongsvold, Dovrefjell nasjonalpark”. Studietida gav også rom for botanisk forsking i Arktis, med ein tur til Jan Mayen og tre somrar på Svalbard. Spesialfeltet bryologi, mosekjennskap, gav resultat frå floristiske og taksonomiske studiar, og førde til mange publikasjonar i ulike tidsskrift verda over. Arbeidsstaden var i desse åra Botanisk avdeling ved Vitskapsmuseet – både før og etter at museet gjekk inn i Universitetet i Trondheim – som så vart til dagens NTNU, Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet. Så følgde flytting til NINA, Norsk institutt for naturforsking. Der kom lange somrar med feltarbeid i mange delar av landet; som ytterpunkt kan nemnast undersøking av forsuringsskadar i Pasvik i Finnmark (frå Nikel), og i mange år turar til Sørlandet for å studere forsuring i skog (langtransportert). Vidare kan nemnast arbeid med å skaffe data om trua artar i mange samanhengar. Botanikken har vore arbeid òg hobby, det skal vera dei heldige på jord som får det slik; over alt er det plantar å finne, granske og få namn på. For det er først med eit namn på seg at objekta stig fram frå ei anonym gruppe og syner seg: ikkje ein raudleg liten blome i skogen, men – hei, Linnea heiter eg! ... Ornitologien har vore rein hobby, men til tider med stor tillokking og tidsbruk når det gjekk an slik. Særleg har fuglesongen vore ei kjelde til minnerike opplevingar. Dette forklarar temaet Fuglelæte. Eg kan seia med løytnant Glahn i Hamsuns Pan: ”Jeg kjenner alle fugler”, og, etter ein av svært mange solrenningar i femti vårar: ”... det var en stor fornøyelse å iagtta trostene som sat i trætoppene og stirret mot solen og skrek” [ekstatisk: ikkje ’sang’, men ’skrek’!]. I mange år las eg Pan kvar forsommar, i eit tidleg junidøgn i ei hytte i kanten av ein skog sør i Trøndelag, med trastkoret som lydkulisse, ljomande traneskrik frå myra, og trekkande rugde over hytta. Kattuggelskrika frå åsen fløymde ut i det magiske nattlyset, ein lom stemte opp sine melankolske hurra frå skogsjøen, og – der – ein skygge mellom graner – Pan? ... Og så det tredje beinet i tripoden: bøker, bøker, alltid bøker, og mest eldre litteratur, klassisk og verdifull, mykje lyrikk, Wergeland år etter år, og dei fem favorittane som er med her. Eit liv utan bøker, nei ikkje det! Dei siste åra har eg hatt tid til å lage det som no kan lesast her. Dei første utkasta daterer seg attende til 90-talet. No ligg alt ute, får tru nokon likar det.

 

Takk. Utan godvilje frå ei alltidgrei Kari (kone) hadde denne tidslukande interessa vore vanskelegare å dyrke. Og utan hjelp frå ein flinkoggrei Asbjørn Frisvoll (son) hadde det registrerte materialet lett kunne støva ned for alltid. Godklem til begge. [til toppen]

 

Først utlagt Mai 2010.

 

 

Introduction (English summary)

 

The books and letters of five Norwegian authors have been scrutinized with regard to names of plants, animals and other subjects related to biological topics and habitats. Three of them, Olav Aukrust, Tor Jonsson and Olav Nygard, are outstanding Norwegian poets. Inge Krokann is best known for his historical novels set in the mountainous region of Oppdal, Central Norway, in the years from 1449 to 1700.

 

The fifth, Knut Hamsun, is the only one of international reputation, and whose novels belong to the world literature. Because of him, this compilatory work may interest someone less acquainted with the Norwegian tongue – but still ardently interested in Hamsun.

 

The collecting of names and words was fulfilled by reading all books several times, and successively noting names and words of selected topics as follows: About plants: Plant names; names of plant organs and products in general; more specifically cereal products; and alcoholic beverages. About animals: Animal names; and bird sounds and song. And finally names and words of habitats of plants and animals and time of the year (the seasons). For three of them, names and words related to musical topics and wichcraft/superstition were included.

 

Four of the authors were born from 1859 to 1893, and the last in 1916. Since their time, the written Norwegian language has changed dramatically. All names and words are presented in the original orthography of the authors, which means that they often differ strongly from standard Norwegian of today. Four authors wrote in New Norwegian (one of Norway’s two official written languages), and their poems and novels include lots of archaic words, sometimes with a strong regional colouring. Without using explanatory word lists and dictionaries they may even be difficult to understand fully for most Norwegian readers.

 

Knut Hamsun commenced writing  in the Danish language, and although he changed his orthography successively in accordance with the general trend in Norway, the original language of his novels appears very old-fashioned now. His Samlede verker (Collected works) in 15 volumes, 1954-56, are the main source of this study. Additionally, some novels from his early years; some books including old articles and short stories published well after his death in 1952; and the recently published seven volumes of his letters are also taken into account. The list of his works here (see that) makes up 52 titles.

 

The Norwegian Innleiing (Introduction) includes the following paragraphs: About the registration work; About the presentation (with secondary paragraphs explaining the structure of the word lists and their orthographical and other commentaries); About difficult/dubious names in the novels; About previous publications on plants and animals in Norwegian novels; and About the compilator.

 

Here follows a short summary of the structure of the lists of names/words. The commentaries in parentheses and brackets within the lists will, presumably, be understood by those interested in and acquanted with such matter.

 

Book lists. Considering Hamsun, eight topics have been treated. A separate list of names/words was prepared with regard to each book and topic, and the page number was noted each time a word appeared during the reading. Finally, there exists one separate list of plant names, another list of animal names, one of plant morphology and products, one of bird sounds and so on, for each book. Hamsun’s 52 titles and 8 topics resulted in more than 400 book lists. – To repeat: A book list is made up of selected names/words followed by all page numbers of those words in that book. With the aid of the lists it should be possible to look up all treated names/words on all actual pages in all books. An example: In the book list regarding animal names in Hamsun’s Det vilde kor (Samlede verker bd. 2, 1954) the word hund (hound, dog) is found on five pages as follows (quotation): ”hund 180, 182, 188, 189, 208.

 

Summarizing lists. A summarizing list collects, topically, all information from all book lists of an author – except the page numbers. If there are 8 topics, there will be 8 lists independent of the number of books. After each word in a summarizing list comes the title(s) of the book(s) that include(s) that word – followed by the number of pages in each book. – To repeat: A list with names/words within one topic – from all the books of an author, and with titles and the number of pages regarding each book, is called a summerizing list. An example: The word hund is very often used by Hamsun. The following is a copy of a small part of the summarizing list regarding animal names: ”hund ... Kratskog 3, Det vilde kor 5, Stridende liv 10, Under høststjærnen 2, Rosa 2, En vandrer spiller med sordin 2, Den siste glæde 4, .... The word hund occurs on 3 pages in Kratskog, on 5 (as showed above) in Det vilde kor, on 10 in Stridende liv, on 2 i Under høststjærnen, etc. The summarizing lists are the final result of this compilatory work. There one can find all names/words used by an author within one special topic, and can, if required, search the actual book list for page number(s) and look up the page(s) in the book(s).

 

The most important words in the lists are called main names, and are boldfaced. Regarding plants and animals they are usually names of pure (preferably) or collective species. They are always treated in alphabetical order in the lists. To minimize the number of main words, many others are treated as subordinate to them. In the book lists the subordinate names are marked ‘▪>’ and in the summarizing lists ‘●’; the symbols mean the same. The best example of subordinate names is the designations of the males, females and offspring of the same species, e.g. Hamsun’s gjeit ▪>buk ▪>kid (meaning: goat ▪>he-goat/billy-goat ▪>kid). Here the main name is the female, but this varies and is of no importance.

 

The order of words following a main name is always the same; it is explained in the coloured box in the Norwegian Innleiing. By comparing this example with the real lists, it should not be difficult to see which groups of words follow each other below a main name; each group is alphabetized separately.

 

Finally, some words about difficult names in Hamsun’s books, mainly of plants. When young, Hamsun stayed several years in the USA, and in later books he wrote vividly about his exceptional adventures. Some of the unclear descriptions and names given there could probably be understood by those familiar with the actual areas. Later, he undertook a journey from St. Petersburg in Russia through Kaukasus, and on the way home he stayed some days i Istanbul. Many descriptions of plants from that tour are seemingly adequate, but the names he used, if any, are difficult to evaluate. Some of the names are mentioned in the Norwegian Innleiing; they are in italics in the paragraph ‘Om uklare namn’ (about obscure names), and can of course not be translated. The names are found among exotic plants at Plantenamn: B1-4 Eksotiske vokstrar and among exotic animals at Dyrenamn: B1-5 Eksotiske dyr. It would be fascinating to hear that somebody with knowledge about these regions have identified some of Hamsun’s difficult namnes. All commentaries are very welcome. [til toppen]

 

 

Arne A. Frisvoll

Finnmyrvegen 22

7350 Buvika

Norway

e-post: arne@diktarbiologi.net

 

Visitors: