K n u t   H a m s u n

 

Knut Hamsun http://www.nb.no/var/ekstern/storage/images/media/images/hamsun/presse_1895_lillehammer_foto_alvilde_torps_eftf_bldsa_ha0269/22898-6-nor-NO/presse_1895_lillehammer_foto_alvilde_torps_eftf_bldsa_ha0269_medium.jpg Hamsun, Knut

frå: no.wikipedia.org                                         frå: www.nb.no                                           frå: www.nb.no

 

Tilbake til Diktarbiologi.net

 

Knut Hamsun vart fødd 4. august 1859 i Vågå i Oppland, som Knud Pedersen, og døydde 19. februar 1952 på Nørholm i Grimstad, Aust-Agder. Årstala viser at han vart 92 år, og han hadde eit aktivt liv og ein omfattande produksjon av eigne bøker og seinare utgjevne brev og artiklar. Den verklista som følgjer er gjennomgått tematisk, og namn og ord noterte. Følgjande tema er dekte og kan søkjast herifrå:

 

Botaniske tema: Florula Hamsuniana

Plantenamn

Plantedelar og -produkt

Kornprodukt

Alkoholdrikke

Zoologiske tema: Fauna Hamsuniana

Dyrenamn

Fuglelæte

Natur og levestader for plantar og dyr

Habitat

Året rundt med Hamsun

Årstider

 

 

Om litteraturlista. Ein del titlar gjeld førsteutgåver, men det meste av skjønnlitteraturen er frå dei 15 banda i Samlede verker 1954-1956, GNF. Denne standardutgåva har vore trykt opp att, og referansen til sidetal gjeld også seinare opplag. Til 150-årsjubileet for Hamsuns fødsel kom ei ny samla utgåve i 27 band (2007-09). Og som det står i reklamen frå forlaget: ”Alle tekstene i det nye verket har gjennomgått en varsom språklig revisjon i retning av moderne riksmål.” Registreringane her var gjorde før den språkreviderte utgåva kom, men for det som var publisert tidlegare ville eg likevel ikkje vald dette arbeidet.

 

Unntaket er dei to nye banda med artiklar og essay, Taler på torvet I-II. Mange av stykka der har likevel vore trykte i bøker tidlegare, og det har vorte mykje dobbelregisrering. Av den grunn er ikkje temaa Plantedelar og -produkt, Fuglelæte og Habitat registrerte i Taler på torvet. Nedafor er ei oversikt over artiklar derifrå som finst i andre av dei registrerte bøkene, og over dobbelregistreringar utanom dette.

 

1. Artiklar i Artikler 1889-1928 (1965), Over havet (1990) og Hamsuns polemiske skrifter (1998). Årstal med etterfølgjande nummer gjeld kronologisk nummerering i Taler på torvet (2009); understreka tal gjeld Taler på torvet I (til og med 1904):

 

Artikler 1889-1928: 1890-11; 1894-1; 1908-2; 1917-1; 1928-1

 

Over havet: 1885-4; 1886-1; 1887-3; 1888-2; 1890-8; 1891-6

 

Hamsuns polemiske skrifter: 1879-1; 1889-1, 8; 1896-2; 1903-4; 1904-8; 1909-5; 1910-2, 11; 1911-1; 1914-3, 4, 5; 1915-1, 10; 1918-6, 7; 1922-3; 1926-1; 1927-4; 1928-3; 1932-3; 1933-4; 1934-1, 2; 1935-1, 7; 1936-5; 1937-2; 1939-6, 7; 1940-1, 2, 3, 4, 6; 1941-1, 4, 6; 1942-2, 3, 4, 5; 1943-2, 5; 1944-2, 3, 4, 5; 1945-2

 

Hamsuns polemiske skrifter og Over havet: 1885-2, 3, 5; 1891-2

 

Hamsuns polemiske skrifter og Artikler 1889-1928: 1904-6; 1908-1; 1910-1, 4; 1916-1; 1918-4; 1928-9

 

2. Artikkel 1931-4 ’Dyr på gården’.

 

Dette stykket tilsvarar brev no. 2119 i Knut Hamsuns brev [V] 1925-1933 (1999), og er også med i Knut Hamsun som han var, s. 201-203.

 

3. Tre stykke finst, heilt eller delvis, i Artikler 1889-1928 og Hamsuns polemiske skrifter, men IKKJE i Taler på torvet I-II:

 

Lars Oftedal (Dagbladet 03.10-13.11 1889, berre første del, 03.10, i Artikler 1889-1928). Serien vart publisert som boka Lars Oftedal i 1889. Teksten er trykt fullt ut s. 55-95 i Hamsuns polemiske skrifter, og registreringa hér er derifrå. Lars Oftedal finst som eiga bok i bd. 24 av nye Samlede verker.

Ærer de unge (Politiken 29.12.1911-21.01.1912; første del ikkje i Artikler 1889-1928). Artikkel 1913-5 med dette namnet i Taler på torvet II, er, forvirrande nok, noko anna.

Tale på Henrik Wergelands hundreårsdag. (Ulike tekstar, fyldig frå VG i Hamsuns polemiske skrifter, kort frå Aftenposten i Artikler 1889-1928).

 

4. Alle breva finst i Knut Hamsuns brev [I]-[VII] (1994-2001). Før denne samla brevutgåva kom, var ein god del publiserte i Knut Hamsun som han var (1965) og Brev til Marie (1970), og dermed er alt av Hamsun-tekst dér registrert minst to gonger.

 

5. Rundt ti dikt i En Fløjte lød i mit Blod finst i andre av dei registrerte bøkene (seks i Bjørger).

 

 

Knut Hamsun, kronologisk litteraturliste. Registreringane i dette arbeidet er frå utgåva i (parentes), og all presentasjon av data følgjer denne kronologien. Nye artikkelsamlingar og brev kjem sist. GNF = Gyldendal Norsk Forlag. Det er 56 titlar. Bokoversikta nedafor kjem att under kvart tema, som grunnlag for søking i listene med namn og ord; men fordi det er så mange titlar, er søkelista gjort alfabetisk.

                                                                                                         

Den Gaadefulde 1877 (GNF 1959: 2‑31, faksimileutg. v/ Harald Grieg)

Bjørger 1878 (Trohaugs Forlag 1981: 7-144)

Lurtonen [1877-79] (Hamsun-Selskapet 1995: [13-31], vers 1-56, v/ L.F. Larsen)

Romanen om Reban [1877-79] (Hamsun-Selskapet 1997: 39-60, v/ L.F. Larsen)

Fra det moderne Amerikas Aandsliv 1889 (GNF 1962: 7‑131, v/ Tore Hamsun)

Lars Oftedal 1889 (registrert frå s. 55-95 i Hamsuns polemiske skrifter)

Sult 1890 (Samlede verker 1: 7‑140, 1954. GNF)

Mysterier 1892 (Samlede verker 1: 143‑373, 1954. GNF)

Redaktør Lynge 1893 (Samlede verker 2: 7‑136, 1954. GNF)

Ny jord 1893 (Samlede verker 2: 139‑330, 1954. GNF)

Pan 1894 (Samlede verker 2: 333‑423, 1954. GNF)

Ved rikets port 1895 (Samlede verker 14: 6‑69, 1956. GNF)

Livets spil 1896 (Samlede verker 14: 72‑125, 1956. GNF)

Siesta 1897 (Samlede verker 3: 7‑88, 1954. GNF)

Aftenrøde 1898 (Samlede verker 14: 128‑184, 1956. GNF)

Victoria 1898 (Samlede verker 3: 90‑162, 1954. GNF)

Munken Vendt 1902 (Samlede verker 14: 186‑375, 1956. GNF)

I æventyrland 1903 (Samlede verker 3: 165‑290, 1954. GNF)

Kratskog 1903 (Samlede verker 4: 7‑122, 1955. GNF)

Dronning Tamara 1903 (Samlede verker 15: 7‑71, 1956. GNF)

Det vilde kor 1904 (Samlede verker 15: 177‑236, 1956. GNF) (Det vilde Kor og andre dikte. Gyldendals klassikere 1993: 9-141. Forkorta GK)

Svermere 1904 (Samlede verker 4: 125‑185, 1955. GNF)

Stridende liv 1905 (Samlede verker 4: 189‑311, 1955. GNF)

Under høststjærnen 1906 (Samlede verker 4: 315‑395, 1955. GNF)

Benoni 1908 (Samlede verker 5: 7‑162, 1955. GNF)

Rosa 1908 (Samlede verker 5: 165‑301, 1955. GNF)

En vandrer spiller med sordin 1909 (Samlede verker 5: 305‑423, 1955. GNF)

Livet ivold 1910 (Samlede verker 15: 74‑174, 1956. GNF)

Den siste glæde 1912 (Samlede verker 7: 7‑142, 1955. GNF)

Børn av tiden 1913 (Samlede verker 6: 7‑189, 1955. GNF)

Segelfoss by 1915 (Samlede verker 6: 193-447, 1955. GNF)

Markens grøde 1917 (Samlede verker 7: 145‑397, 1955. GNF)

Konerne ved vandposten 1920 (Samlede verker 8: 7‑293, 1955. GNF)

Siste kapitel 1923 (Samlede verker 9: 7‑301, 1955. GNF)

Landstrykere 1927 (Samlede verker 10: 7‑334, 1955. GNF)

August 1930 (Samlede verker 11: 7‑261, 1955. GNF)

Men livet lever 1933 (Samlede verker 12: 7‑315, 1955. GNF)

Ringen sluttet 1936 (Samlede verker 13: 7‑240, 1956. GNF)

På gjengrodde stier 1949 (Samlede verker 15: 239‑335, 1956. GNF)

På turné (GNF 1960: 17‑127, v/ Tore Hamsun)

Artikler 1889‑1928 (GNF 1965: 9‑148, Fakkelbok 73 v/ Francis Bull)

Livsfragmenter (GNF 1988: 9‑127, v/ Lars Frode Larsen)

Over havet (GNF 1990: 9‑114, v/ Lars Frode Larsen)

Hamsuns polemiske skrifter (GNF 1998: 19‑278, v/ Gunvald Hermundstad)

Knut Hamsun som han var (GNF 1956: 31‑239, v/ Tore Hamsun)

Brev til Marie (Aschehoug 1970: 9‑263, v/ Tore Hamsun)

Knut Hamsuns brev [I] 1879‑1895 (GNF 1994. Tala gjeld brev nr. 1‑404, v/ Harald S. Næss)

Knut Hamsuns brev [II] 1896‑1907 (GNF 1995. Tala gjeld brev nr. 405‑779, v/ H. S. Næss)

Knut Hamsuns brev [III] 1908‑1914 (GNF 1996. Tala gjeld brev nr. 780‑1285, v/ H. S. Næss)

Knut Hamsuns brev [IV] 1915‑1924 (GNF 1997. Tala gjeld brev nr. 1286‑1780, v/ H. S. Næss)

Knut Hamsuns brev [V] 1925‑1933 (GNF 1999. Tala gjeld brev nr. 1781‑2356, v/ H. S. Næss)

Knut Hamsuns brev [VI] 1934‑1950 (GNF 2000. Tala gjeld brev nr. 2357‑3069, v/ H S. Næss)

Knut Hamsuns brev [VII] Supplementsbind (GNF 2001. Tala gjeld brev nr. S 1‑S249; ’S’ er sløyfa her, v/ H. S. Næss)

En Fløjte lød i mit Blod (GNF 2003: 7-80, v/ Lars Frode Larsen)

Taler på torvet I (Nye Samlede verker 26: 9-438, 2009. GNF)

Taler på torvet II (Nye Samlede verker 27: 13-376, 2009. GNF)

 

sist oppdatert 18.11.10

 

til toppen

tilbake til Diktarbiologi.net

 

vBulletin analytics