Inge Krokann

 

 

http://img.nrk.no/img/244664.jpeg           

frå: images.google.no                                                  Krokann-statuen på Oppdal

 

Tilbake til diktarbiologi.net

 

Inge Krokann vart fødd 19. august 1893 i Oppdal i Sør-Trøndelag, og døydde 27. september 1962 i Gausdal i Oppland. Han vart 69 år. Krokann var sjuk det meste av livet, og hadde på den bakgrunn eit uskjønleg så aktivt liv. Alle bøkene hans er gjennomgådde tematisk, og namn og ord innan botanikk og zoologi, i svært vid meining, noterte. Det tyder at mange ord som fell inn under Plantedelar og -produkt, Habitat og Alkoholdrikke hos andre, også er med her. Og som den einaste har Krokann fått registrert dyrelæte i bøkene. Han har mange spennande namn frå Oppdal. Følgjande tema er dekte:

 

Botanisk tema: Florula Krokanniana

Plantenamn, med mange plantedelar og habitat pluss alkoholdrikke

Zoologiske tema: Fauna Krokanniana

Dyrenamn

Fugle- og dyrelæte

 

 

Inge Krokann, kronologisk litteraturliste. Året for førsteutgåva står i parentes fremst, der ei seinare utgåve vart nytta under registreringa; rekkefølgja av bøker i namnelistene er som for førsteutgåvene. Dei seks bøkene i Dovresno-syklusen er kursiverte. Det er 16 titlar (+ ein kassett).

 

Krokann, Inge (1929) 1944. I Dovre‑sno. 225 s. + Innhald [2 s.] + Ordliste til romanane, s. 1‑8 [separat pag.]. Tredje opplaget, GNF

– (1931) 1943. Gjenom fonna. Fyrste boka. 189 s. + Innhald [1 s.]. Andre opplaget, GNF

– (1931) 1944. Gjenom fonna. Andre boka. 220 s. + Innhald [1 s.]. Andre opplaget, GNF. I same bind som førre, separat pag.

– (1933) 1944. Olav Aukrust. 2. utgåva. Norske folkeskrifter 79: 1-100 + Attpåord [2 s.] + Innhald [1 s.]. Noregs boklag

– (1934) 1944. På linfeksing. 220 s. + Innhald [1 s.]. Andre opplaget, GNF

– 1936. Blodrøter. 359 s. GNF

– 1937. Då bøndene reiste seg. Ein av førarane: Ingebrigt Sæter. 316 s. GNF 

– (1941) 1944. Under himmelteiknet. 312 s. + Innhald [1 s.]. Andre opplaget, GNF

– (1942) 1976. Det store hamskiftet i bondesamfunnet. 2. utgåva. 119 s. – Orion‑bøkene n. 183. Det norske samlaget. [+ Etterord av T. Pryser, s. 120‑143]

– 1947a. Dikt. 183 s. GNF

– (red.) 1947b. Sullam lull. Sullar og songar for små og store born. 55 s. J. W. Cappelens forlag

– 1949. Ut av skuggen. 260 s. GNF

– (1951) 1993. Oppdal – Bøgda mi. 16 s. Strindheim trykkeris forlag, Trondheim.

– 1952. Gravlagt av lynet. 203 s. + Innhald [2 s.]. GNF

– 1959. Hammarslaga. 230 s. GNF

– 1992. Inge Krokann 1893‑1993. Inge Krokann syng og les. Ole Hermod Henriksen syng Krokann/Sparre Olsen, ved klaveret Bjarne Sakshaug. – Kassett TPLMC 92055. Totenschlager a.s. lyd & profilering, 2860 Hov

– 1993. [Dikt og tekster] Av Inge Krokann. – s. 9-71 i Bjørkum, R.M. & Donali, I. (red.) Augo ser så mangt. Av og om Inge Krokann. Dølaringen boklag, Lillehammer

 

 

Inge Krokann har fått sin eigen publikasjon om plantar og dyr i diktinga. Derfor blir ikkje materialet lagt fram på denne nettsida slik som for dei andre fire. I eit fyldig bokhefte blir plante- og dyrenamn i bøkene hans gjennomgådde, og sider ved namna grundig handsama og kommentert. Det er eit særtrekk at han har mange lokale, interessante namn både for plantar og dyr. Bokheftet er å få kjøpt, det kostar 200 kr og vil ved bestilling bli sendt i posten med opplysning om kontonummer for betaling. Det kan bestillast på e-post eller ved brev til

 

Arne A. Frisvoll

Finnmyrvegen 22

7350 Buvika

arne@diktarbiologi.net

 

 

Bibliografiske opplysningar om boka:

 

Arne A. Frisvoll 2008. Plantar og dyr i Inge Krokanns Dovresno-bøker. Med eit tillegg om dei andre bøkene. 120 s. (A-4 format). Eige forlag, Oppdal 2008.

 

Som tittelen lyder, konsentrerer handsaminga seg om Dovresno-bøkene, som er ein historisk romanserie på 6 bøker med hovudhandling frå Oppdal. Som det også står, er det eit tillegg om dei andre bøkene, og alle namn i bøkene er med. Alle som har lese bøker av Krokann, må ha denne boka. Det gjeld også utflytta oppdalingar, og dei mange andre med kjennskap til den landskjende hytte- og alpinbygda.

 

Prøver frå publikasjonen er lagt ut her. Framsidebildet viser statuen av Inge Krokann på Oppdal, mot Allmannberget. Dette mektige bygdafjellet bruka han som eit mytisk symbol i bøkene. Siste boka, Under himmelteiknet, endar med at Stingrim Lo stupar utover brattfloga vi ser bak statuen, han rir på ein linfeksing og tek med seg ei kvinne som skulle brennast som heks der oppe. Svært dramatisk. Inne i boka er det fleire historiske bilde frå Oppdal.

 

Omslag, utvendig og innvendig (pdf)

 

Innhaldslista viser nøye kva boka omhandlar. Absolutt alle namn på plantar og dyr hos Krokann er med, og dei fleste har fått ein - lang eller kort - kommentar. Eit større kapittel, som ikkje har nokon parallell elles på denne nettsida, er kalla ”Frekvensen av plante- og dyrenamn i Dovresno-bøkene”. Det vanlegaste dyret i bøkene er hesten, sitat: ”Hesten står i ei særstilling; han er omtala godt over fire gonger så ofte som dei nest vanlegaste dyra. ... Frå den dramatiske Vollahelgja, tri korte setningar med fire hestnemne: ’Gamle skarrar, som ikkje hadde vori på vollen i mange sumrar no, vart sette imot einannan. Og jalkar kom i øsing og bar seg åt som verste gragampane. Sjølve skjutane hekk i mankane på kvarandre og fór vollen rundt, på tvo og på fire.’ ”

 

Innhald og Føreord (pdf)

 

Andre prøver frå publikasjonen, dei fleste utdrag, alle pdf:

 

Innleiing og forklaring til oppsettet

Botanikk boklister, I Dovre-sno

Zoologi samleliste

Frekvensen av plante- og dyrenamn i Dovresno-bøkene

Summen av sidetal for zoologiske hovudnamn med undergrupper

Tillegg: Plante og dyrenamn i dei andre Krokann-bøkene

 

Den som les Inge Krokann, og særleg Dovresno-bøkene, møter ein stor forfattar og får mykje att.

 

Tilbake til diktarbiologi.net