Florula Nygardiana

Olav Nygards litterære alkoholdrikke

 

 

Her følgjer gjennomgang av registreringane for alkoholdrikke i Olav Nygards bøker og brev

 

Samleliste: Alfabetisk gjennomgang av registrerte hovudnamn

Boklister: Sidetal for registrerte ord for alkoholdrikke

 

Til Olav Nygard forside 

 

 

Samleliste: Alfabetisk gjennomgang for 4 registrerte hovudnamn

 

altarvin, mjød, vin, øl >bryggjing >drykk >skjenk >skål

 

altarvin:

vin ... til altar-bruk Dikt i samling 1 [‘Ja vinen er vigsla/ til altar-bruk,/ han heilbrigdar sjæla/ av sorger sjuk.’]

søt vin Dikt i samling 1 [‘Du segjer at din søte vin/ gjev døyving, prestemann;/ og doktar, i din medisin/ er livd og logn fyr lidingsgrin, –/ den lære er nok sann.’]

 

mjød:

suttungsmjød Dikt i samling 1 [‘Aa aatte eg dei sterke kjeldebrunnar/ som stillte floda inn i songsæl straum!/ Men suttungsmjøden slær meg gruvom, tunnar/ som kvervelvindar med min beste draum/ til skaparmagtenn rister alle grunnar/ og verda styn i flodbrot, himelflaum.’]

 

vin Dikt i samling 4 [‘So knøten kar som guten min/ hev ikkje trødt i dale:/ han fall daa Borghild baud han vin/ og smil og smeiken tale.’] [‘Dei gjekk inn att i salen til staup-sette bord,/ og no drakk dei kje anna enn vin/ som var verka av alde i berga der nord/ og dei leita i kiste og skrin/ etter gullstas og griper til krune og krans;/ etter bergfele-slaatten dei trødde sin dans/ under braglande verboge-skin.’] [‘– Men vin, kjære far min,/ paa draume-vang,/ og tjugeaars-gjentur/ i arm og fang. | Ja vinen er vigsla/ til altar-bruk,/ han heilbrigdar sjæla/ av sorger sjuk.’], Brevene til Rakel mfl. 1 [‘Du (Hulda Garborg) skulde vel ikkje ha nokon tanke um kven som hev sendt ei pakke til meg, med vin og ymist godt.’]

-lauv|glans Dikt i samling 1 [‘Den vaar med vinlauvglans i gamle lundar/ eg ser i innsyn! Eg hev hyst ein draum/ um løysingsferd ...’]

–smak Dikt i samling 1 [‘Du toler ein vin-smak/ paa Grand kafe/ det slær kje ein heilhuga/ prest paa kne.’]

-varm Dikt i samling 1 [‘Ein vinvarm solsjø, bylgjesylv i lonar,/ ei tid som sprang, og endaa sælelang.–/ Daa bytte sansann bol, alt ljos vart tonar,/ og form vart farge, fargenn hadde klang.’]

blodrus-vin Dikt i samling 1 [‘Og yve dvalemoann hev det vaara/ med roseflod i alle audebol./ D’er same staupa som eg fordom tømde,/ men draumdrykk skin der blodrus-vinen blømde.’]

draumevin Dikt i samling 1 [‘Og fyll mitt staup med draumevin,/ og legg so hit mi minnebok,/ og so mitt vesle sæleskrin, –/ det store var det branden tok.’]

sælevin Dikt i samling 1 [‘I heilagvigde tungemaal det svallar/ fraa høge stjerneborger; sælevin/ renn sildre-mjukt igjenom skirde sansar,/ med ljose blømer fram som rose-kransar.’], Dikt av Robert Burns 1 [‘Eg ottast ei den bylgjebrand/ ell lagnadsleike pestfengt land,/ um dauden tannberr framor grin,/ han byd ein arming sælevin.’]

ungdomsvin Dikt i samling 2 [‘No hev eg drukke upp min ungdomsvin;/ det tome glase burt paa borde gaper; det jamnar seg i kvelden ut og skaper/ seg um til andlit med eit spottegrin. | Ja eg hev drukke upp min ungdomsvin,/ han er meg ikkje meir til torstesvalar;/ mi varme ungdomssol bak fjellbrun dalar,/ og mine voner ligg i kvite lin.’]

ørske-vin Dikt i samling 1 [‘Dei faa som øle vandar/ med elgje-ròs og grin,/ aat slike munnar blandar/ de hel-ram ørske-vin.’]

 

øl Dikt i samling 3 [‘I mot jol skulde stor-gauven bryggje seg øl,/ i hans berg var det brigde-laus sed.’] [‘Far i høgsæte lyfte si kjengje til munn:/ dette øle er gror-dogg or Gauveberg-brunn,/ det er konn-merg or berga der nord.’] [sjå òg sitat ved vin: ørske-vin, ovom] [til boklister] [til toppen]

●bryggjing Dikt i samling 1 [‘I fraa fars-garden tok han ei skjeppe med malt/ som han tømde i gauven sin bing;/ og so vart der ei bryggjing paa gamal-dags tralt/ so det spurdest all skipreida kring.’]

jolebrygg Nordica Bergensia 1 [’Men me hev uppdaga at kvardagskosten lyt me avle sjølve, ja, at skal me verta noko til folk, so maa me endá til lage jolebrygg av ársens avl og ikkje av tusenár gamalt malt, hjelp ikkje kor godt det gamle var. ’]

å bryggje Dikt i samling 1 [‘I mot jol skulde stor-gauven bryggje seg øl,/ i hans berg var det brigde-laus sed.’]

●drykk Dikt i samling 4 [’Eg veit de (’doktar eller prest’) gjer meg nøgdarfest/ med drykk or svævings brunn/ som svimeslær min sælebrest; –/ det freistar ei; eg uner best/ paa heilag lidingsgrunn.’] [’Og det var vigsla i upphavstal/ ein drykk for heilag fyr munnar/ av mannehold. Inni Vangedal/ eg drakk or gudvigde brunnar.’] [’Daa det leid vart dei dyvne av drykk og av leik,/ det var plent som dei fann seg kje rett;/ ...’] [’Liv eg hev drukke/ drykken du blende meg,/ orvon og lukke,/ hug-ørsla kjende eg.’]

●skjenk Dikt i samling 1 [‘Det var rop yve anna, eit høg-bore hjal,/ dei var kaate og reis i fraa benk,/ og dei totte dei sveiv i ein engfager dal,/ det var makelaus magt i den skjenk.’]

å skjenkje Dikt i samling 1 ['Naar eingong banedrykken slær/ med gufs av eldfengd eim, –/ du gjest som fyl meg skuggenær,/ skjenk paa naar bekkjesongen ber/ mi løyste livsaand heim.']

avskilsdrykk Brevene til Rakel mfl. 1 ['Det ser ut til at eg fær ein søt avskilsdrykk av «anerkjendelse». Men – eg klagar ikkje yver noko naar eg reknar alt i hop, det er best slik det er, tenkjer eg.']

banedrykk Dikt i samling 1 ['Naar eingong banedrykken slær/ med gufs av eldfengd eim, –/ du gjest som fyl meg skuggenær,/ skjenk paa naar bekkjesongen ber/ mi løyste livsaand heim.']

blundedrykk Dikt i samling 1 [‘... dimd og grut/ og gygreskodde la meg bleik paa pute/ og gav meg blundedrykken beisk som lut.’]

godvildsdrykk Dikt av Robert Burns 1 [’Og der er handa, gode ven, og gjev meg handa di!/ Og me tek rett ein godvildsdrykk/ fyr gamal tid.’]

gudedrykk Dikt i samling 1 [’Ei draume-æve gjenom dalen andar/ og gudedrykk i livsens bikar blandar.’]

helgadrykk Brevene til Rakel mfl. 1 ['Aa du aa du – eg som sit her so aaleine no – tvo gonger tyrst etter den helgadrykken eg hadde i paaskehelga.']

heldrykk Dikti samling 1 [‘Hev du ei svart|raad/ ein heldrykk som fær/ meg til aa gløyme/ kva sjæla er verd?’]

himeldrykk Dikt i samling 1 [‘Du (allmagtstenar) dreg meg gaatefullt til dine hallar/ der himeldrykk i straale-kvervlar skin,/ med sfær(e)song og svaneaander kallar/ mi jord-forkjøvde tru or dvale-lin.’]

jolaftans-drykkje Dikt i samling [‘Det var jolaftans-drykkje; med skum-hatt paa bard/ gjekk det kjengje fyr kjengje rundt bord,/ og dei svelgde og svalla og kytte paa kar,/ det gjekk bar-tett med braa-fløygde ord.’]

sæledrykk Brevene til Rakel mfl. 1 ['Men eg veit at naar eg og du fær bu i sams stove og gaa i sams seng, og du segjer med eit mæle – det gjeng liksom solgluggar yve mine sjælemarkjer: «Eg vil kura hjaa deg» – daa er bægere fullt, daa hev eg drukke sæledrykken or livsens staup.’]

å drikka Dikt i samling 1 [’– Men var deg no, far,/ um du drikk eit mot,/ og syn ikkje rove/ og heste-fot.’], Brevene til Rakel mfl. 1 [sitat ved øl drykk: sæledrykk, ovom]

●skål Dikt i samling 1 [‘.../ deira dvergsmidde likjend var snjell-fine no,/ dei var meistarleg svarva fraa huve til sko,/ og so maalfint og skant-vart og nett. | Det var storgildt, det skulle nok faa seg ei skaal./ ...’]

 

 

Boklister: Sidetal for registrerte ord for alkoholdrikke i Olav Nygards bøker og brev

 

Dikt i samling 1984 (Norsk Bokreidingslag. 207 s. Inneheld fire diktsamlingar og eit tillegg; desse er ikkje skilde ut i namnelistene, men sidetalet viser kvar orda er ifrå:)

  Flodmaal 1913 (s. 11-47 i Dikt i samling)

  Runemaal 1914 (s. 51-81 i Dikt i samling)

  Kvæde 1915 (s. 85-114 i Dikt i samling)

  Ved vebande 1923 (s. 117-147 i Dikt i samling)

  Tillegg (s. 151-183 i Dikt i samling)

Dikt av Robert Burns. Umsette fraa engelsk. 1923 (s. 9-60. Det norske samlaget)

Nordica Bergensia 15, 1997 (s. 117-122; to tekstar om språk)

Brevene til Rakel mfl. 2004 (i Aarnes, A. 2004: Poesien hos Olav Nygard. Et dikteralbum. Pax forlag a/s. 343 s.) – Brev til Arne Garborg s. 100-101, Tore Ørjasæter s. 106-115, Ola Raknes s. 138-142, Hulda Garborg s. 165-191, Rakel Nygard s. 192-256, Anton Aure s. 257-259

 

 

Dikt i samling 1984 (Norsk Bokreidingslag. 207 s.)

Flodmaal 1913 (s. 11-47), Runemaal 1914 (s. 51-81), Kvæde 1915 (s. 85-114), Ved vebande 1923 (s. 117-147), Tillegg (s. 151-183) [til toppen]

Alkoholdrikke:

altarvin: vin ... til altar-bruk 109; søt vin 41; mjød: suttungsmjød 135; vin 41 [søt], 58, 92 [av alde], 109; -lauvglans 137; –smak 109; -varm 143; blodrus-vin 147; draumevin 14; sælevin 160; ungdomsvin 46, 47; ørske-vin 113; øl 90, 91, 113; >bryggjing 91; å bryggje 90; >skjenk 91; å skjenkje 169; >drykk 41, 69, 92, 101; banedrykk 169; blundedrykk 130; gudedrykk 118; heldrykk 68; himeldrykk 160; jolaftans-drykkje 91; å drikka 109; >skål 93

 

Dikt av Robert Burns. Umsette fraa engelsk. 1923 (s. 9-60. Det norske samlaget)

Alkoholdrikke:

vin: sælevin 11; øl >drykk: godvildsdrykk 52

 

Nordica Bergensia 15, 1997 (s. 117-122; to tekstar om språk) [til boklister] [til toppen]

Alkoholdrikke:

øl >bryggjing: jolebrygg 122

 

Brevene til Rakel mfl. 2004 (i Aarnes, A. 2004: Poesien hos Olav Nygard. Et dikteralbum. Pax forlag a/s. 343 s.) – Brev til Arne Garborg s. 100-101, Tore Ørjasæter s. 106-115, Ola Raknes s. 138-142, Hulda Garborg s. 165-191, Rakel Nygard s. 192-256, Anton Aure s. 257-259 [til boklister] [til toppen]

Alkoholdrikke:

vin 169; øl >drykk: avskilsdrykk 257; helgadrykk 213; sæledrykk 214; å drikka 214

 

 

Til Olav Nygard forside 

 

Sist revidert 07.04.11

 

Laga av:

Arne A. Frisvoll

Finnmyrvegen 22

7350 Buvika

e-post: arne@diktarbiologi.net