Olav Nygard

 

frå: images.google.no

 

 

Tilbake til Diktarbiologi.net

Til Døyande Gallar med Lilja 

 

Olav Nygard vart fødd 10. juli 1884 på fjellgarden Krossen i Modalen i Hordaland

og døydde av tuberkulose i Østre Aker (Oslo) 11. februar 1924. Han vart 39½ år. [Nettsider om Olav Nygard, Nygard-støtta på Mo og Modalen; og om Krossen.]

 

Den verklista som følgjer er gjennomgått tematisk, og namn og ord noterte. Følgjande tema er dekte, og kan søkjast herifrå:

 

Botaniske tema: Florula Nygardiana

Plantenamn

Plantedelar og -produkt

Alkoholdrikke

Zoologisk tema: Fauna Nygardiana

Dyrenamn

Natur og levestader for plantar og dyr

Habitat

Året rundt med Olav Nygard

Årstider

Ovtru o.a.

Magi

Instrument, musikktype og -uttrykk

Musikk

 

 

Olav Nygard, kronologisk litteraturliste. Dikt i samling (1984) vart nytta under registreringa av diktsamlingane; dei einskilde bøkene er ikkje spesifiserte i namnelistene, men sidetalet vil vise kva bok som gjeld. Heile Dikt i samling ligg ute på diktbasen til Dagbladet: http://www.dagbladet.no/docarc/maindoc.php?a=1&d=1787. Bokoversikta nedafor kjem att under kvart tema, som grunnlag for søking i listene. Breva og dei fleste bøkene har aa, som blir skrive slik i sitata, men i namnelistene å. Det er 8 titlar – der den eine gjeld 4 diktsamlingar (og eit tillegg), til saman 11 bøker.

 

Dikt i samling 1984 (Norsk Bokreidingslag. 207 s.) (Inneheld fire diktsamlingar og eit tillegg; desse er ikkje skilde ut i namnelistene, men sidetalet viser kvar orda er ifrå:)

  Flodmaal 1913 (s. 11-47 i Dikt i samling)

  Runemaal 1914 (s. 51-81 i Dikt i samling)

  Kvæde 1915 (s. 85-114 i Dikt i samling)

  Ved vebande 1923 (s. 117-147 i Dikt i samling)

  Tillegg (s. 151-183 i Dikt i samling)

Dikt av Robert Burns. Umsette fraa engelsk. 1923 (s. 9-60. Det norske samlaget)

Runor rita minnet Olav Nygards 1931 (Nygardsringen. 48 s.)

Solrenning. Manuskript og vignettar. 1933. (s. 5-17. Minnebok millom Nygardsvener)

Johs. A. Dale: Olav Nygard 1957 (Det norske samlaget. 128 s.; det nye)

Trygve Greiff: Olav Nygard. Dikter og mystiker. 1959 (146 s.; det nye)

Nordica Bergensia 15. 1997 (s. 117-121; to tekstar om språk)

Brevene til Rakel mfl. 2004 (i Aarnes, A. 2004: Poesien hos Olav Nygard. Et dikteralbum. Pax forlag a/s. 343 s.) – Brev til Arne Garborg s. 100-101, Tore Ørjasæter s. 106-115, Ola Raknes s. 138-142, Hulda Garborg s. 165-191, Rakel Nygard s. 192-256, Anton Aure s. 257-259

 

 

Aldri elles har ein norsk diktar – slik som Olav Nygard – gått frå å vera upåakta, til etter kvart å bli hylla og omtala som ein av Noregs, ja til og med ein av Europas og verdas store lyrikarar.

 

Mens han levde var han stort sett oversedd. Litt over 1½ år før han døydde skreiv han om dette: ”Bolstadøyri 1.6.1922. Kjære fru Garborg! Nei, eg hev ikkje fenge honorar fraa «Dagbladet», og eg trur ikkje eg vil spyrje etter hell fyr det eine dikte. Eg kann ikkje tru at eg kann vente noko større, eg som er heilt namnlaus i hovudstaden.” (brev i Aarnes 2004, s 183). Da hadde han gjeve ut tre diktsamlingar (sjå boklista ovom). Og i eit seinare brev (til Tore Ørjasæter, 3.1.1923): ”Gyldendal tok ikkje boka mi.” (i Aarnes, s. 113). Dette galdt Ved vebande, som ettertida har sett på som ei av dei viktige diktsamlingane som har kome her til lands.

 

Men han hadde sjølv ein kjend kommentar til denne vanlagnaden. Slik står det hos biografen Trygve Greiff (1959, s. 9): ”Olav Nygard sa selv at «50 aar kann dikta mine vente». ... Hans siste bok, Ved vebande, utkom i 1923. Vi har ennu tid til å «finne ljosglansen hans, og nå han att,» som Hulda Garborg sier, før de femti år er gått.” Omslaget byrja før 1973.

 

Claes Gill, skodespelar og sjølv lyrikar, er det sentrale namnet i oppvurderinga av Nygard. Han heldt to svært positive radioforedrag, i 1953 og 10. juli 1959 (Nygard 75 år), og skreiv forordet til Olav Nygard. Dikt i utval (1958), der det heiter: ”Jeg uttalte engang [i radio] at Olav Nygard – om han hadde skrevet på et verdenssprog – ville hatt rang som en av verdenslitteraturens store lyrikere. Det er store ord. Og her jeg sitter føler jeg meg ikke fristet til å gjøre dem mindre.”

 

Den siste viktige publikasjonen om Olav Nygard inneheld dei breva som er registrerte her og kalla Brevene til Rakel mfl. (i Asbjørn Aarnes 2004. Poesien hos Olav Nygard. Et dikteralbum). I boka finn ein svært gode kommentarar til Nygards verk, og særleg god hjelp til å forstå dei sentrale dikta. Der skriv den lærde kjennaren av norsk og europeisk litteratur og åndsliv noko merkverdig om diktet Til son min: ”Forfatteren av disse linjer vil røpe en lettsindig naivitet: Finnes det et dikt i verdenslitteraturen, på europeiske sprog(,) som rager høyere enn «Til son min»?” (s. 72).

 

Boka til Aarnes er av det beste som er publisert om norsk poesi. Han legg vekt på at det poetiske språket er eineståande (s. 18): ”En innsikt i det poetiske som utkrystalliserte seg i debatten om den «rene» poesi, knyttet det uutsigelige til poesiens vesen. Lesningen av et dikt skulle efterlate inntrykk av at det som ble utsagt i diktet, ikke kunne sies på annen måte enn nettopp slik det var sagt i diktet.” Han erstattar det nemnde (danske) uttrykket ‘det uutsigelige’ (særleg kjent frå Welhaven) med ‘det ugjensigelige’, og – heldigvis – i ei diktspalte i avisa DAG OG TID også med det norske ‘det uattseielege’.

 

Uttrykket blir lettare å forstå gjennom eit døme frå det kjende Nygard-diktet Svevn (s. 19): ‘Ber meg inn i/ soldraumsblaane/ austan sol/ og vestan maane.’: ”Her finnes ikke synonymer; vil leseren gjenkalle versene i erindringen, må han gjenta ordlyden. Det gis ingen forkortning, ingen omskrivning, uten at virkningen går tapt.” I diktkommentarane blir det lagt vekt på dei mange uattseielege formuleringane og diktpassasjane hos Nygard, og han brukar dei som merke på at Nygard skriv god lyrikk. Slik blir det lettare å forstå det ekte og verdfulle hos denne eigenarta diktaren.

 

[Metodebruken må kanskje avgrensast til poesi med ein viss logikk. Her er ein kommentar frå Ingrunn Økland i ’Ydmykt om diktbrenneren’ – melding av Poesien hos Olav Nygard. Et dikteralbum på Aftenposten.no, 24.10.08: ”Hvorvidt Aarnes' begrepsapparat er brukbart utenfor den tradisjonen han selv står i, stiller jeg meg mer tvilende til. Det finnes en lang rekke dikt som slett ikke lar seg referere eller "gjenutsi" - uten at denne egenskapen kan regnes som et eget kvalitetskriterium. Jeg tenker på hele den surrealistiske tradisjonen, babbel-poesi, visuell poesi og mange minimalistiske dikt.”]

 

Til den som vil lære Olav Nygard å kjenne: Start med å lesa den entusiastiske boka til Asbjørn Aarnes, gå vidare til fleire eller alle dikta – og gjerne til den andre Nygard-litteraturen (særleg Dale 1957 og Greiff 1959, sjå boklista). Og så må alle unne seg å lesa kva ein forelska Olav (28) fortel i trumål til si unge og vakre Rakel (23) (i Aarnes 2004, s. 192-256). [Meir Nygard-litteratur her: http://bergenbibliotek.no/litteratur/vestlandsforfattere/vestlandsforfattere-karusellvisning/presentasjon-av-forfatterene/olav-nygard]

 

Det er mykje som forundrar og imponerer ved Olav Nygard: Ein uskolert mann frå ein fjellgard i Hordaland seier tidleg at han vil bli diktar. Det blir han òg, men skriv dikt ingen vil gje ut; og dei tre første diktsamlingane som kjem etter kvart, vert mesta ikkje lagde merke til. Han er nygift og må ta hardt fysisk arbeid for å leva, får tidleg tuberkulose, og slit med dårleg økonomi heile livet. Så døyr han 39 år gamal, og som Conrad Clausen skriv i etterordet til Dikt i samling (s. 202): ”Berre eit par år etter hans avferd var han gløymd, såg det ut til. Ikkje kom han med i bandsterke litteraturhistorier, ikkje i leseverk eller i konsertsalar.”

 

Men mange av dikta han skreiv kunne ikkje gløymast, og i dag er lyrikken til Olav Nygard verdsett så høgt som slik dikting kan bli. Det som enno manglar er at han blir lesen av mange. I biografiane og diktkommentarane finn ein mykje om innhald og motivkrinsar i dikta. Her er ein kommentar frå Olav H. Hauge: ”For Nygard er ånd den einaste realitet, materien berre manifestasjon av ånd.” (i Aarnes 2004, s. 27). Og hos Greiff (1959, s. 101): ”Gjenfødsel er hovedmotivet i Nygards diktning. Det er hans ene emne – ...”. Dette blir fort abstrakt og er berre ei halv sanning – slik eg opplever det. For det er store lyriske kvalitetar hos Nygard som ikkje er avhengige av ein slik åndrik hovudtanke.

 

Breva (i Aarnes 2004) fortel om sterk erotisk lengsel (s. 223): ”Rakel, Rakel . . . Namne ditt opnar døra til løynde heimar. Eg fær att og hev stendigt noko av den høge sæle eg hadde hin kvelden daa eg laag i armane dine, og anden din strauk som varme vaarvindar og mjuke vengjeslag um kinna mine.” (21.6.1912). Og seinare (9.8.1912): ”Ja eg er mest vill; du hugsar kor du var i fjor haust. Ja kaat var du. Kaat som berre katten.” (s. 227). Han kan vera mykje kropp også når han diktar. Sidan han er ein stor ord- og formuleringskunstnar, blir desse dikta innhaldsrike og gode.

 

I diktet I mot kvelden kann eg tøyme i Runemaal er livet hardt og vanskeleg, men han veit at ho (Rakel?) ventar; og han tenkjer på ho med hage- og blomemetaforar (å tøyme = tygle, halde styr på; å helge = gjera heilag; otte = uro, frykt; brage = prakt; kjæte = kåtskap): ‘Imot kvelden kann eg tøyme/ dagsens villhest, og faa gøyme/ meg i fange ditt, og drøyme/ so at ingen otte gneg./ Du hev helga meg ein hage/ som er klædd i blomebrage;/ lagna’n skifter andlitsdrage/ fyrst mitt auga fangar deg.’ Under strevet og vanskane er ho ein åre, eit fyrlys: ‘Naar eg driv i dagsens faare/ på mitt kvelv, fyr kalde baare,/ tek eg leid av denne aare/ det er liv og logn det gjeld.’ Når han finn henne, blir det vonde (‘draugerop og lomelæte’, uattseielege bilete) borte: ‘Det er løn fyr frost og væte,/ draugerop og lomelæte/ naar du lint, med taarøygd kjæte,/ sveiper meg i kjærleiksfeld.’ Tårøygd kåtskap og ein jentekropp som kjærleiksfell, meir lekamleg kan det ikkje bli. Likevel vil ein undrast: kvifor tårer? Diktet nyttar seg av omgrep frå mange livsområde (strevet er som å få styr på ein villhest; den vakre, lokkande kroppen hennar som ein hage med blomeprakt, der det sakrale altaret – det er vel også henne – brenn med høg loge; det vanskelege – mislukka? – livet som eit forlis). Diktet kan lesast mange gonger, og dét er eit viktig kjennemerke på varig kvalitet.

 

Olav Nygard brukar i stor grad naturen som grunnlag for biletskaping, metaforar. I mange dikt finst perler av levandegjorde naturobservasjonar. Kanskje kan nye lesarar finne fram til denne Olav Nygard.

 

Fleire har Maanen søv paa silkepute i Runemaal som sitt favorittdikt hos Olav Nygard. (Det har kome ei framifrå barnebok om livet hans: Ødegård, Kari. Olav Nygard: en glemt dikter? Mira, 1997(?). Men tittelen på omslaget er «Månen sover på silkepute», og boka er vakkert illustrert av born som har teikna månen på silkeskyene.)

 

I diktet er månen hannkjønn, men eg ser heller ei månemøy (sjå Magi: jordmøy >månemøy) som søv på puteskyer, og som halvt vaknar og glytter ned på jorda når skyene driv frå og opnar opp (eim = damp): ‘Maanen søv paa silkepute,/ paa dei eimgraa natteskyer;/ stundom raar han or, og lyder,/ gløser gjenom himelrute,/ signar svevn og vekkjer draum/ med sin mjuke stråleflaum.’ I andre strofa flakkar den personifiserte hugen, tanken, rundt i månelyset på heimekjende trakter, truleg halvt vaken halvt i svevne. Vi er på ein fjellgard, Krossen?, ein bekk renn forbi ved garden, sølvvieren glinsar med dogg i månelyset, og vi følgjer tanken på ferda før alt fell til ro (å svive = fare, flakke; logn = still, roleg; å kjæte = leike i livsmod; bekkjebard = -kant; å dylgje = gøyme, løyne; å godryse = godgrøsse; ei lein = skråning, halling; sval = kjøleg; ei horg = bergknaus, fjelltopp): ‘Hugen sviv i logne lider,/ kjæter seg paa bekkjebarden,/ smyg i skuggen attmed garden,/ dyl seg under sylven vider,/ godrys, gjer eit sjumilssprang/ inntil ubygd avdalsvang. | Der er bekkjesong i leinar,/ vindspel uppi svale horgjer;/ hjorten søv paa sine borgjer/ millom sylv og glimesteinar./ Tida slepper tak i taum,/ kviler seg og fell i draum.

 

Olav Nygard kan også spela ut eit reint botanisk tema, så godt sett at ein botanikar smiler medkyndig. Bergfletta klatrar og klamrar seg til steinar og tre – for til slutt å dekkje dei heilt. Ho er ein vestlandsplante, så vi må sjå for oss eit slikt terreng. Hos Nygard møter vi eit plantevette, og dét kunne berre ein diktar funne på (or Kvi sit du saarøygd i Runemaal; vyrk = omsorgsfull; å trå|beda = nibe, tigge; våhard = stygghard, hardhjarta): ‘Bergfletta smøygjer sin brune arm/ vyrk um den vaaharde graasteinbarm,/ kysser og traabed um elskhug og sæle;/ steinen gror ned under all denne kjæle.’ Heretter kan eg visst ikkje sjå bergfletta utan å tenkje på denne Nygard-strofa. – Og så må vi ikkje gløyme trinn to i lesinga: slik kan også tobeinte med andre fletter og armar elske.

 

Så veit Olav Nygard alt om det som i kjenslevare stunder grip oss som underleg, uforklarleg, gjerne overnaturleg og trolsk, i naturen. Mange dikt har forteljingar og bilete som smeltar saman natur(krefter) og trollmakter (siste ordet bruka i mangel på eit betre). Han har ein imponerande nomenklatur – eit namneverk – for overnaturlege vesen. Dette er for lite og dårleg kommentert i omtalen av diktinga til Nygard. Her er det t.d. meir spennande å sjå kva han har om trollmakter enn kva han har om plantar og dyr. Det er for enkelt å meine at alle desse usynlege vesena er med som ein slags staffasje (Nynorskordboka, tyding 2: ‘pryd, pynt, utfylling (som har lite å seie)’). Vi må innsjå at Nygard dikta dei inn i fullt alvor og at dei hadde noko å seia for han. Og han fletta dei inn i den rike kransen av uattseieleg, magisk biletskaping i dikta.

 

Da Olav Nygard var 20 år, gav han ei jente ei handskriven bok med kjærleiksdikt (Solrenning, seinare trykt i 25 eks.). Og kva anna byrjar han første diktet (Sol-lengt) med, enn nettopp ein metafor der han smeltar saman trollmakter og natur: ‘Notti rid/ som ei mara brei/ lider og fjell/ dalar og hei.’ Og når han skal fortelje kor glad han er for jenta si (i Du kan tru), kjem også ein metafor med naturkrefter og trollmakter: ‘Lat det koma baa’ storm og skak/ skrymt og skræmsla og tore-brak./ Lat det suga mitt blod or barm/ eg er varm, til det siste varm.’ Og seinare (i Den smilen din, ja): ‘Eg Helheimen aldri vitja,/ eg veit kje kor der er vóre,/ eg berre veit, sku’ eg missa deg,/ – det vart meg Helheim paa jordi.’ (Kven veit, kanskje hadde han i desse tidlege dikta ein medforelska Wergeland i tankane: ‘Kommer nu Sorger! knuger mit Bryst,/ at det ei sprænges af jublende Lyst!/ Himmel! med Uheld, Helved! med Qvaler/ tæmmer dets Bølger! ...’) Jenta si prisar han sjølvsagt som ’Huldri mi: Eg hev ei gjenta/ so ven og blid,/ og henne kallar/ eg huldri mi./ Og skal eg segja/ so store ord:/ Ho er meg kjærast’/ av alt paa jord.

 

Fleire har kommentert at 20-åringen laga enkle dikt. Trygve Greiff (1959, s. 52) skriv dette om Solrenning: ”Han satt på dette tidspunkt helt fast i det private, og diktene vedkommer oss ikke.” Men eg er ikkje så sikker på det. Noko liknande vart sagt om Knut Hamsuns første arbeid Den Gaadefulde og også om Bjørger. No er begge godt analyserte, og ein ser at viktige tema hos den vaksne Hamsun var på plass også hos 18-19-åringen. Det same kan ein seia om Olav Nygard: den sentrale trollmakt-natur-metaforikken er der, saman med trongen til å ha med overnaturlege vesen og stader (i sju av ti dikt: mara, englar (2), Gud, hulder, skrymt, tore-brak, Himmelen/ paradishagen/ paradis-land, Helheimen).

 

Olav Nygard voks opp på den veglause fjellgarden Krossen i Modalen, Hordaland. Det er lett å gissa at den einbølte garden hadde ein levande tradisjon om mange slags trollmakter (sist på 1800-talet). Det er fortalt ein del i Nygard-litteraturen om den originale og evnerike far hans, Simon; det vart sagt at han hadde overnaturlege evner, og at folk snakka om det. ”Snart vart han eit menne som stod i samband med yvernaturlege makter, ein «trollmann» som kunne løysa og binda naturkreftene etter eige ynskje.” Tilhøvet mellom far og son var tett; og ”dei vetrane Olav sat heime og skreiv i ungdomsári, sat faderen ofte jamsides uppe på loftet ...” (Conrad Clausen i Runor rita minnet Olav Nygards, s. 42). I eit brev skriv Olav Nygard til Rakel (9.11.1911; gifte seg nyårsaftan 1912): ”Du hev sagte kome deg inn att i live der heime, og trivst mykje betre enn paa Krossen. Her utreivst du visst; og det kunde no ikkje vera aa undrast paa. Her er no berre fjellgarden, faae folk, og rare som dei er.” Når ein tenkjer over tida og staden, er det knapt tvil om at (nokre av) desse ‘rare’ folka fullt og fast trudde på tussar og troll.

 

Olav Nygard fekk (den sannsynlege) heime-tradisjonen med seg, slik at han naturleg kunne gripe til denne rike metafor-kjelda. Dersom det ikkje var slik, ville han neppe funne på, eller funne det naturleg, å fylle dikta med overnaturlege vesen og stader (ein slags signatur på mykje av diktinga). Ein kan undre seg på om han ikkje faktisk trudde på dette sjølv, særleg fordi han hadde liknande evner som faren. Dette blir enda meir sannsynleg når ein veit kva han har fortald sjølv: ”Tidleg i min alder tok eg til å få noko som eg ikkje har kunna kalle anna enn syner. ... Desse synene vart min livsmerg frametter, som eg beintfram levde på, og det knytte seg i hop med natursyner når eg var borti marka; og det heile vov seg i hop til eit vedunderleg fint draumeland som eg bygde trottig på like til lestraalderen.” (i Dale 1957, s. 49). Etter å ha gjeve nokre døme på slike syner, skriv Dale (s. 50): ”Alle desse hendingane er frå barndomen. Men liknande opplevingar hadde Nygard så lenge han levde. ... Det kan ikkje vera nokon tvil om at vi har å gjera med hallusinasjonar, det vil seia sanseførestellingar [utan tilsvarande ytre påverknad på sansane] som blir opplevde som verkelege.”

 

Her er nokre døme på samansmelting av naturkrefter og trollmakter. Diktet Haustarregne driv i Runemaal ter fram eit søkk vått uverslandskap, og i tredje og siste strofa likar dei lysskye seg (avdagsvette: avdag = tida for det siste kvervande dagslyset; runn = kratt; glyvre = kløft; dølen = kvelande, ufrisk): ‘Solskinsrædde avdagsvette/ kiker fram or ur og runn;/ kring i djuv og glyvre trallar/ regnverskaate tussekallar,/ dreg den dølne skoddehette/ tett ikring sin gildelund.’ – Sterkt visuell og auditiv biletskaping, tankerikt magisk og uattseieleg: Solskinsrædde avdagsvette, regnverskaate tussekallar – han må ha sett og høyrt dei ‘borti marka’ før han dikta.

 

I Ei trollklokke ringjer i Flodmaal er det eit ofseleg styggver, og naturkrefter og trollmakter vev seg truverdig inn i einannan (i kvervel og knute = rundt og rundt og i floke; rant = jord-/fjellrygg, skyhaus = -skalle: avrunda og mørk sky; å glamre = buldre, dundre; å svive = fare). ‘Ei trollklokke ringjer til heksefest ute,/ og vindane dansar i kvervel og knute;/ dei yler um rantar og ropar i hamrar,/ og trollhestekneggjing fraa skyhausen glamrar;/ og blaaljona sviv gjenom dalane kjapt./ Det kjennest som Gud maa ha gløymt han hev skapt.’ Neste gong eg blir ute for eit slikt uver, vil Olav Nygard vera der òg. Dette kan lesast for den biletskapande rytmesterke trollmakt-natur-skildringa, uten tanke på ei mogleg dobbelmeining.

 

[Dén kjem i neste strofe: diktaren har det slik inni seg. Dersom nokon går dit, møter dei eit underleg ord Nygard kan ha laga sjølv, og som truleg er uskjønleg for (mest) alle utan forklaring; eg fekk hjelp frå Språkrådet. Slik byrjar strofa: ‘Ei gravklokke ringjer til helfest her inne/ og ræddotten dansar med olmøygde minne;/ ...’. Det kursiverte ordet (her), rædd|otten, er samansett av adjektivet rædd = redd og substantivet otte = redsel (det må derfor uttalast med trong o-lyd, og ikkje med å-lyd). Det er ein smør-på-flesk-konstruksjon (pleonasme), og forslaget til forklaringsord frå Marit Hovdenak i Språkrådet er angstskrekken. Ordet må vise til svært sterk, kanskje sjukeleg angst, og strofa synest dekkje dette godt.]

I eit langt dikt, No kvil deg i Ved vebande, kjem ei makelaus lita skildring av korleis ein personifisert vind fer og fangar lydar i ein levandegjord natur – der alvespelet er ein sjølvsagd del (å svive = fare rundt, flakke; tjuveham: -ham = -skapnad, men også attergangar, utan kropp; lund = (song)tone; sullansong: sull = låg song, nynning; å stunde: her = lengte (renne) vidare; å sveipe = samle, vikle inn; linn = veik, dempa; hamra-hull: hull = song utan ord, her: frå berghamrane – les strofa sakte og fortenkt): ‘Og vinden sviv i tjuveham og stel/ seg fange fullt av rare ljod og lundar;/ han fangar sullansong fraa bekk som stundar,/ han sveiper i si kufte vart og væl/ det linne hamra-hull og alvespel.’ – Ei stutt strofe som kan gje frysningar på ryggen – som god lyrikk vil, og Nygard har slike overraskingar i mange dikt.

Diktaren er ofte ute i himmelrommet og fer omkring på rein science fiction-manér. Korleis vart noko så usannsynleg som jorda vår til? Nygard skaper eit storfelt bilete av trollmakter i arbeid med gasskyer og spiralgalaksar i glødande solvind og – orgelbrus (han kan ha tenkt på pytagorearane og deires sfæreharmoni) (or Ei hand i Tillegg; rømda = verdsrommet; onneglad = arbeidsglad; å æse = syde, koke; eit himlamot = der himlar/himmelretningar møtest; ei orge = eit orgel; styn, presens av å stynja [stønna] = puste tungt og klagande; å bivre i = bruse, tone i; æterheimen = verdsrommet; titan|isk = gresk gudeætt|gigantisk; urtrå = urlengsel, førsteynskje; elde = avkom): ‘I rømda aukast onneglade klotar,/ det æser himlamots av energi,/ og sol-orkanar spelar sine notar/ so allheims-orga styn og bivrar i,/ og kvervel-drakar djupt i solmerg rotar/ so flogeld renn kring æterheimen vid/ paa lande-rydjing. Med titanisk velde/ gjeng livsens urtraa storm mot Kaos’ elde.

I tillegg til trollmaktene er himmel og helvete, englar og djevlar, méd i rikeleg monn. Trollmaktdiktinga er vanlegast i tidlege og åndediktinga i seinare dikt. Begge temagruppene er like uforklarlege og overnaturlege, og det finst ingen god grunn til å tru at den åndelege biten er meir verkeleg enn den trolslege. Med dette som utgangspunkt er det ikkje lett å følgje Nygard i åndesynene hans. Men dei poetiske kvalitetane i dikta vinn over slike motførestellingar fullstendig (slik dei også gjer med omsyn til Wergeland – og for den del Dante og Den guddommelege komedien).

 

Gud/gud og himel er dei absolutt vanlegaste magiske orda hos Olav Nygard, følgd av sjæl og ånd. Han var tvillaust religiøs, men kan ikkje plasserast i nokon konfesjon (Dale 1957, s. 108): ”Om ein plent skal setja eit namn på den gudsførestellinga ein møter der (i dikta), så kjem ein truleg nærast med ordet panteisme.” (Gud er alt og Alt er Gud; Wikipedia-definisjon). I diktet Eg fann kje hugnad i Flodmaal heiter det: ‘Eg finn min gud i klaare stjennenæter/ naar allheimsgraaten høgfjellsvangen væter.’ (allheimsgråten = dogga og ikkje regnet – fordi det er klårvêr?).

 

Her er det registrert 70 hovudnamn og 29 undergruppenamn på abstrakte, magiske vesen og stader, og ein god del av desse har rikeleg med samansetjingar. Det seier seg sjølv at alle desse namna i dikta må føre til særprega lyriske tekstar. Ei oversiktleg oppsummering finst sist på Magi-fila: Frekvensen av ord for magi hos Olav Nygard.

 

Og til alle som ikkje kan tru det: Eit stort knippe av desse dikta skal vera av den beste lyrikken som nokon gong er skriven! Det meste av det som ikkje når høgt, er framleis gode dikt. Men for den som er innteken i Olav Nygard, er alt i den vesle produksjonen interessant. Det synest vera eit særkjenne for Nygard at dikta hans kan lesast opp att ofte, utan at dei blir kjedelege, uinteressante. Olav H. Hauge samanlikna (motvillig) Olaf Bull og Olav Nygard (i Aarnes 2004, s. 27): ”Du blir sist trøytt av Nygard, av desse tvo.” Det kan ta tid å arbeide seg inn i det uvanlege diktuniverset til Olav Nygard. Men ingen lyrikkven kan lata dét vera ufreista. [til toppen]

 

 

DIKT

A V   R O B E R T   B U R N S

 

UMSETTE FRAA ENGELSK AV

OLAV NYGARD

OSLO

DET NORSKE SAMLAGET

1923

er med i registreringa. Nygard var kanskje sjølv med på ordvalet i tittelen, der umsette førekjem. I dag hadde heller attdikta eller gjendikta vorte nytta. Det er så mykje som er karakteristisk for Olav Nygard i den norske teksten, at den ikkje kjennest som framand i høve til resten av produksjonen.

 

I etterordet til Dikt i samling, ‘Olav Nygard, Liv og lagnad’ (s. 200), har Conrad Clausen ein kommentar til korleis Nygard førde Shakespeare over frå engelsk til norsk.

 

Eit par Shakespeare-sonettar umsette han, eller rettare sagt: dikta på norsk. I sonett nr. 104 heiter det m.a. i tridje vers:

                        Ah! yet doth beauty, like a dial-hand

                        steal from his figure and no pace perceivd

 

Hjå Nygard:     Å! Lel lik solur-skuggen fegar listar

                        seg sigsmått burt, so fluttfot ikkje ter,

 

og sidan:          Mine eye may be deceivd –

Hjå Nygard:     D’er vel eg som hildre-ser.

Noko til umsetjing!

 

(Les heile diktet i Dikt i samling (s. 178), eller som det tredje siste diktet i diktbasen til Dagbladet http://www.dagbladet.no/docarc/maindoc.php?a=1&d=1787.)

 

I boklistene er plante- og dyrenamna i Dikt av Robert Burns samanlikna med den originale teksten. Kvart namn hos Nygard har fått eit tillegg om kva originalen har; dette står i klammer bak sidetalet. Den engelske teksten er sett i boka: Robert Burns, Poems and songs. 736 s. London 1960.

 

Fem plantenamn hos Nygard finst berre i dikta etter Burns: bean baune, broom gyvel, hawthorn hagtorn, mountain daisy raudtoppblom (tusenfryd) og primrose kusymre (dessutan bragleblom, hagetre, lav og møyar-blom, men dei er Nygards eigne ord og kjem ikkje frå Burns).

 

Av dyrenamna finst fire berre i dikta etter Burns: blackbird svarttrast, lapwing vipe, mouse mus og stockdove skogduve (dessutan hjord, der Burns har flock).

 

I dei andre temaa er det vanskelegare å påvise om noko i ordvalet hos Nygard i det heile kjem frå Burns; han er seg sjølv med eit gjennomført originalt språk. Det finst eit brev frå Nygard til forlagskonsulent Ola Raknes; der er han krass med omsyn til endringar i det poetiske språket i attdiktinga si – det gjeld både ordval og fridom i høve til originalen (i Aarnes 2004, s. 138 ff.):

 

Eg hev mi eiga rettskriving, og ho maa grannvart verte fylgd, elles gjekk eg ikkje med paa noko utgjeving.” Og: ”s. 9, l. 15: Dykkar framlegg: «Du fagre bredd av Ayr» kann eg ikkje godkjenne poetisk under mitt namn. Det er vel radt rett, men for turrt, konstruktivt, tykkjer eg. Mitt er kanskje for fritt i ei umsetjing, men poetisk svarar det sitt rom, trur eg.” Som Aarnes (2004, s. 141) har notert, samsvarar dei refererte sidetala i brevet med sidetala i den trykte boka. Der lyder s. 9, l. 15 slik: Far vel du Ayr-grend, fagre reir. [til toppen]

 

 

Tilbake til Diktarbiologi.net

 

Sist revidert 11.04.11

 

Laga av:

Arne A. Frisvoll

Finnmyrvegen 22

7350 Buvika

e-post: arne@diktarbiologi.net